Igor Trandenkov
Igor Trandenkov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 17. august 1966 (58 år) St. Petersburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Igor Leonidovitsj Trandenkov (fødd 17. august 1966) er ein russisk tidlegare stavhoppar frå Leningrad som vann sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1992, EM 1994 og OL 1996, samt bronse i VM 1993.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Trandenkov fekk sølvmedaljen i stavtevlinga under Sommar-OL 1992 i Barcelona, der han og landsmannen Maksim Tarasov begge gjekk over 5,80 m, Tarasov i fyrste og Trandenkov i tredje forsøk. Året etter fekk dei same to kvar si bronsemedalje i Friidretts-VM i Stuttgart. Dei stoppa på ny på 5,80 m, deira to tidlegare landslagskameratar Serhij Bubka og Grigorij Jegorov vann gull og sølv.
Ved europameisterskapen 1994 tok Trandenkov seg over 5,90 m og vann sølv, landsmannen Rodion Gataullin vart europameister med 6,00 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta var Trandenkov ein av tre utøvarar som tok seg over 5,92 m. Franske Jean Galfione og Trandenkov klarte høgda i fyrste forsøk, Galfione tok gullet gjennom eitt riv på tidlegare høgder, Trandenkov hadde to riv på 5,86 m og fekk sølv, medan Andrej Tivontsjik kom på bronseplassen.
Trandenkov hevda seg nasjonalt og internasjonalt frå 1987 til 1999. Han vart russisk meister i stavhopp 1994 og 1995. Den 3. juli 1996 sikra han seg sin tredje strake russiske meistertittel. I heimbyen St. Petersburg svinga han seg over 6,01 meter og vart den fjerde stavhopparen som hoppa 6 meter.
Trandenkov er gift med sprintaren Marina Trandenkova.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 5,80 m, bakom Maksim Tarasov (5,80 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 5,80 m
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 5,90 m, bak Rodion Gataullin (6,00 m)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 5,70 m
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 5,92 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Igor Trandenkov» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Igor Leonidowitsch Trandenkow» frå Wikipedia på tysk, den 25. juni 2020.
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Russiske stavhopparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Deltakarar under VM i friidrett 1993
- Deltakarar under EM i friidrett 1994
- Deltakarar under VM i friidrett 1995