Ilja Tsjernousov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ilja Tsjernousov

Ilia Chernousov 2014.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 7. august 1986
Novosibirsk
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Ilja Grigorjevitsj Tsjernousov (fødd 7. august 1986) er ein russisk langrennar frå Novosibirsk. Han kom i mål til bronsemedalje både på tremila under Ski-VM 2011 og på femmila under Vinter-OL 2014. Tsjernousov vann to tevlingar i verdscupen i langrenn, begge i 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tsjernousov deltok fyrste gongen i verdscupen i Gällivare den 18. november 2006. Seinare same sesongen, 4 . februar 2007, gjekk han ein etappe på det russiske laget som vann 4 x 10 km stafett i Davos. Vinteren 2010 vart han nummer to på 30 km/skibyte i Rybinsk den 23. januar, og nummer tre på same distansen i Lahti 6. mars. Sesongen 2010/11 kom han på andreplass på 15 km i Kuusamo i november, før han 4. februar i Rybinsk vann 20 km/skibyte. Deretter tok han bronsen på 30 km/skibyte under verdsmeisterskapen i Oslo, bak gullvinnar Petter Northug og sin eigen landsmann Maksim Vylegzjanin. Tre veker etter gjekk Tsjernousov inn til bestetid i prologen under verdscupfinalane i Falun.

I februar 2012 tok Tsjernousov andreplass i to verdscuprenn i Rybinsk. Vinteren 2013 oppnådde han sine to siste pallplasseringar i verdscupen. Fyrst vart han nummer to på 30 km i Sotsji, og så tredjemann på femmila i Holmenkollen. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji gjekk Tsjernousov i mål som nummer fem på 30 km. To veker seinare spurta han inn til bronse i 50 km fristil og syrgde dermed for heilrussisk sigerspall, Aleksandr Legkov og Maksim Vylegzjanin tok dei to gjevaste medaljane.

Frå 2016 tevla Tsjernousov i dei lange turrenna. Han vann i 2017 sveitsiske La Diagonela og i 2017 italienske Marcialonga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]