Iljusjin Il-14


Ilyushin Il-14 Il-14 (NATO-kallenamn Crate) var eit russisk to-motors sivilt og militært transport- og passasjerfly som var eit av dei viktigaste flya for Aeroflot og for flyselskap i austblokklanda i etterkrigstida til ut i 1990-åra.
Utviklinga av Il-14
[endre | endre wikiteksten]Flyet flaug fyrste gong i 1950. Il-14 vart òg bygd i Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia og i Kina med nemninga Y-6.
I likskap med andre fly av same storleik og for same føremål, bygd like etter andre verdskrig var flyet meint å verta ein erstattar og etterfølgjar til Douglas DC-3 og den russiske lisensbygde variant Lisunov Li-2.
Det var utstyrt med to 1900 Hk Shvetsov ASh-82T-7 stjernemotorar. Talet på bygde fly er usikkert, det er i alle fall over 1 000. Enkelte kjelder oppgjev over 1 122 inklusive dei som vart bygd på lisens i Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia.
Brukarar
[endre | endre wikiteksten]Sivile flyselskap
[endre | endre wikiteksten]Militære brukarar
[endre | endre wikiteksten]- Afghanistan, Albania, Algerie, Kina, Cuba, Tsjekkoslovakia, Aust-Tyskland, Egypt, India, Irak, Nord-Korea, Polen, Sovjetunionen, Syria og Jugoslavia
Spesifikasjonar (Il-14M-varianten)
[endre | endre wikiteksten]
Dimensjonar
[endre | endre wikiteksten]Ytingar
[endre | endre wikiteksten]Ulukker med Il-14
[endre | endre wikiteksten]Aviation Safety Network har i sin database registeret 75 ulukker med sivile Il-14 fram til 1992. Det er grunn til å anta at at talet er høgare. Det omfattar ikkje eventuelle flyulukker i det sovjetiske flyvåpenet som sjeldan vart gjorte kjend i vestlege media. Sivile flyulykker bak jernteppet vart ikkje alltid rapporterte til den vestlege verda, med mindre dei omfatta flyulukker der utanlandske passasjerar var omkomne.
25 personar, blant dei ti norske kvinner, omkom i Voronezj-ulukka 6. august 1955 ved byen Voronezj.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Iljusjin Il-14» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |