Hopp til innhald

Ilona Bruzsenyák

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilona Bruzsenyák
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 14. september 1950 (73 år)
Pócsmegyer
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1976

Ilona Bruzsenyák (fødd 14. september 1950) er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister i lengdehopp i 1974.

I 1971 i Budapest presterte Bruzsenyák ein femkamp som gav henne sterke 4897 poeng, men ho deltok likevel ikkje i femkampen under EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Ho sprang derimot ein av etappane for Ungarns lag som vart nummer fem i 4x100 m stafett. Under dei olympiske leikane i München i 1972 oppnådde ho 4419 poeng i femkampen og vart nummer åtte, medan ho i lengdehopp kom på tiandeplass med 6,39 meter.

Høgdepunktet for Bruzsenyák kom i europameisterskapen 1974 i Roma. Her vann ho lengdehopptevlinga på ungarsk rekord, 6,65 meter, fem centimeter lengre det det sølvmedaljøren Eva Šuranová frå Tsjekkoslovakia oppnådde. I femkampen vart Bruzsenyák nummer seks med 4399 poeng.

Ho deltok i sommarleikane i Montreal i 1976 og vart nummer 16 i femkamp og utslått i lengdekvalifiseringa.