Ingeborg Midttømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Midttømme

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1961 (62 år)
Oslo
Yrke prest, fagforeiningsleiar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ingeborg Midttømme på Commons

Ingeborg Synøve Midttømme (fødd 20. november 1961) er biskop i Møre bispedømme og tidlegare leiar i Presteforeininga.

Midttømme er fødd i Oslo. Ho studerte teologimenighetsfakultetet i Oslo og tok praktisk-teologisk eksamen i 1987 og vart ordinert same år. Deretter jobba ho som kapellan i Høybråten meinigheit i Oslo frå 1987 til 1993. Frå 1993 til 1997 var ho sokneprest i Sørfold i Salten, før ho frå 1997 var kapellan i Holmlia i Oslo.

I 2003 vart ho som første kvinne vald til leiar i Presteforeininga. Ho blei attvald som leiar i 2006.

Midttømme vart utnemnd til biskop i i Møre bispedømme etter Odd Bondevik den 15. mai 2008. Bispevigslinga skjedde i Molde domkyrkje 21. september, samstundes med ei markering av bispedømmet sitt 25-årsjubileum. Midttømme vart den fjerde kvinna av dei noverande biskopane, og med sine 47 år den yngste i bispekollegiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i Den norske kyrkja
Preses: Olav Fykse Tveit  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Ragnhild Jepsen | Borg: Kari Mangrud Alvsvåg | Hamar: Ole Kristian Bonden | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Kari Veiteberg | Stavanger: Anne Lise Ådnøy | Sør-Hålogaland: Svein Valle | Tunsberg: Jan Otto Myrseth