Marte Olsbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marte Olsbu
Marte Olsbu 2016.jpg
Fødd 7. desember 1990 (29 år)
Arendal
Yrke skiskyttar
Marte Olsbu på Commons

Marte Olsbu (fødd 7. desember 1990) er ein norsk skiskyttar frå Froland som vart verdsmeister i 4 x 6 km stafett og vann bronsemedalje i mixstafett under VM i skiskyting 2016 i Oslo. Ho er medlem av Froland Idrettslag.

Olsbu debuterte i verdscupen i skiskyting i 2014-sesongen. Ho vart nummer sju på jaktstarten i Östersund 6. desember 2015, hennar beste plassering i verdscupen. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo gjekk ho ein god opningsetappe for det norske laget som tok bronsen i mistafetten. Laget bestod elles av Tiril Eckhoff, Johannes T. Bø og Tarjei Bø. Åtte dagar seinare gjekk ho Noregs lag i kvinnestafetten inn til VM-gull, etter at Synnøve Solemdal, Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff hadde sendt henne ut i leiing på den fjerde og siste etappen.

Olsbu vart norsk meister i 15 km normalprogram i 2014 og i 7,5 km sprint i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

VG-oppslag om Marte Olsbu