Ingunn Klepsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingunn Klepsvik
Fødd 22. juni 1946
Yrke politikar

Ingunn Klepsvik (fødd 22. juni 1946 i Austevoll) er ein norsk lærar, bistandsarbeidar og diplomat. Ho var norsk ambassadør i Tanzania 2010-2014.

Klepsvik er utdanna lærer og arbeidde i ungdomsskulen i tolv år.[1] I 1971 gjekk ho inn i Fredskorpset og vart sendt til Kenya. Etter å ha vendt attende til Noreg og læraryrket engasjerte ho seg òg i lokalpolitikken og vart representant for Sosialistisk Venstreparti i kommunestyret.

I 1983 byrja ho i Norad, der ho i 2001 vart regiondirektør for regionane Latin-Amerika, Midtausten og Søraust-Europa[1] og frå 2007 til 2008 var assisterande direktør. Klepsvik var ein periode òg fungerande direktør i Norad. Karrierepostane i Norad veksla med diplomatiske posteringer. I 1997 vart ho utnemnd til ambassadør ved den nye norske ambassaden i Managua i Nicaragua, etter å ha vore chargé d'affaires der. Året etter vart ho sideakkreditert til Costa Rica og Panama. I 2009 vart Klepsvik utnemnd til ambassadør i Venezuela, men allereie i 2010 kom ny utneming til ambassadør i Tanzania[2] med sideakkreditering til Seychellane året etter.[3][4]

I 2009 utnemnde kongen Klepsvik til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsfortjeneste.»[5]

Ingunn Klepsvik er syster av Karsten Klepsvik, som òg er norsk diplomat.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «La embajadora», Bergens Tidende, 26. mai 2001, s. 40.
  2. Offisielt fra statsråd 25. juni 2010.
  3. Offisielt fra statsråd 13. februar 2009,
  4. Offisielt fra statsråd 25. mars 2011.
  5. Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.