Ingvald Ulveseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingvald Ulveseth
none  Ingvald UlvesethFoto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Ingvald Ulveseth
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Fødd 25. august 1924
Død 14. mars 2008
Parti Arbeidarpartiet
1. verv Ordførarar i Fjell
 - periode 1958–1965
2. verv Statssekretær i Kommunal- og arbeidsdepartementet
 - periode 1. januar 1964–1. august 1965
 - regjering Gerhardsen IV
3. verv Norsk industriminister
 - periode 16. oktober 1973–15. januar 1976
 - regjering Bratteli II
 - føregjengar Ola Skjåk Bræk
 - etterfylgjar Bjartmar Gjerde
4. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1965–1973
 - valkrins Hordaland
5. verv Fylkesmann i Sogn og Fjordane
 - periode 1976–1994
 - føregjengar Arne Ekeberg
 - etterfylgjar Oddvar Flæte
Fylkesmannen har halde til i det nye Statens Hus på Hermansverk sidan 2005.

Ingvald Johan Ulveseth (fødd 25. august 1924 i Fjell, død 14. mars 2008) var ein norsk ingeniør og politikar (Ap).

Ingvald Ulveseth var ordførar i Fjell kommune 1958–1964, og statssekretær i Kommunaldepartementet i Einar Gerhardsen si fjerde regjering (1964–1965). Ulveseth vart vald inn på Stortinget frå Hordaland 19651973. Han var industriminister i Trygve Brattelis andre regjering (1973–1976). I 1976 vart han fylkesmann i Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1994.

Ingvald Ulveseth var utdanna bygningsingeniør frå NTH frå 1949, og var blant anna kommuneingeniør i Fjell 1952–1961.

Ulveseth vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1992.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]