Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er ein norsk statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet som blei oppretta 1. januar 2006. Etaten er tildelt oppgåver som tidlegare har vore hos Utlendingsdirektoratet, mellom anna busetjing av flyktningar, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, tolking i offentleg sektor og koordinering av arbeidet mot rasisme og diskriminering. IMDi skal setje i verk integrerings- og mangfaldspolitikken på AID sitt ansvarsområde - som busetjing av flyktningar, oppfølging av introduksjonsloven og forvalting av viktige økonomiske verkemiddel innanfor integrerings- og mangfaldsarbeidet. Direktoratet samarbeider med innvandrarorganisasjonar og innvandrargrupper, kommunar, statlege etatar og privat sektor. IMDi gir råd og set i verk statleg politikk.

Oppgåvene har auka, og talet på tilsette har auka frå 110 ved skipinga til 201 ved starten av 2009. IMDi har ein rekkje økonomiske verkemiddel i form av tilskotsordningar og prosjekt-/utviklingsmiddel. IMDi har i 2008 hatt forvaltingsansvaret for ca. 4,3 milliardar kroner, ein auke frå 2,8 milliardar kroner i 2007.

IMDi har hovudkontor i Oslo og regionale einingar i Narvik, Trondheim, Bergen, Kristiansand og Gjøvik. IMDi sitt driftsbudsjett for 2008 var 154 millionar kroner.

Osmund Kaldheim blei utnemnd til direktør i statsråd 3. juni 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]