Inuvialuitfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til inuvialuitfolk.
Kart over inuvialuit-landet

Inuvialuitfolk (inuvialuktuneintal inuvialuk, 'ekte folk'[1]) eller vestkanadiske inuittar er inuittar som opphavleg levde i vestdelen av Nord-Canada. Som andre inuittar stammar dei frå thulefolket, som vandra austover frå Alaska.[2] Det offisielle heimlandet deira – Inuvialuit Settlement Region – dekkjer kysten av Polhavet frå grensa til Alaska, aust gjennom Beauforthavet og forbi Amundsenbukta. Det omfattar nokre av øyane vest i Det kanadiske polararkipelet, og eit innlandsområde som omfattar Aklavik og delar av Yukon.[3][4] Landområdet blei fastsett gjennom Inuvialuit Final Agreement frå 1984.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det tradisjonelle språket til inuvialuitfolk er inuvialuktun. Ved den kanadiske folketeljinga i 2016 blei det rapportert at 680 av 3110 inuvialuitfolk, eller 22 %, snakka dette språket.[5][6] Dei fleste inuvialuitfolk snakkar no hovudsakleg engelsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell inuvialuitleir for kvalfangst i nærleiken av Tuktoyaktuk
Inuvialuitguiden Eileen Jacobson

Før 1900-talet var dei fleste innbyggjarane i dagens Inuvialuit Settlement Region siglit-inuittar, men i andre halvdelen av 1800-talet var talet deira blitt sterkt redusert av nyinnførte sjukdommar. Nunatamiutar, inuittar frå Alaska, vandra inn i tradisjonelle siglit-området i 1910- og 1920-åra, dels på grunn av etterspurnad etter pels frå Hudson's Bay Company og marknadane i Europa. Nunatamiutar som slo seg ned i siglitområdet blei kjende som uummarmiut (inupiaq for 'folka frå dei grøne trea'). Opphavleg var det sterk mistru mellom siglit- og uummarmiutfolk, men konflikten minka etterkvart som tida gjekk, og dei to folkeslaga byrja gifta seg med kvarandre. Takka vera betre helsestell og inngifte finst det no rundt 3 100 inuvialuitfolk.[7][8]

På 1930-talet var inuvialuitfolk involverte i eit prosjekt sett i gang av dei kanadiske styresmaktene om å innføra reinsdyrhald som ei hovudnæring i vestlege Arktis. Det blei brukt store summar på å driva tusenvis av tamrein frå Alaska til ein ny busetnad ved Mackenziedeltaet, Reindeer Station. Det blei henta samar frå Noreg for å læra inuvialuitmenn korleis dei skulle ta seg av dei individuelle flokkane sine. Prosjektet var relativt mislukka ettersom det kravde ein einsam levemåte som var mindre innbringnde enn tradisjonell jakt og fangst.[9]

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste inuvialuit-busetnadane
Busetnad[4] Engelsk omsetjing Folketal i 2006[7] Inuvialuit First Nations Métis Andre urfolk Ikkje urfolk
Aklavik "barren-ground grizzly place" 594 350 185 10 0 40
Inuvik "place of man" 3 484 1 335 630 160 0 1 260
Paulatuk "place of coal" 294 260 0 0 0 30
Sachs Harbour tradisjonelt kalla Ikahuak, som tyder "where you go across to" 122 105 n/a n/a n/a 15
Tuktoyaktuk "resembling a caribou"; tidlegare kjend som Port Brabant 870 705 20 10 0 145
Ulukhaktok "a large bluff where we used to collect raw material to make ulus", tidlegare kjend som Holman 398 360 10 0 0 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Modern Inuvialuit Culture». Arkivert frå originalen 2011-07-13. Henta 1. juni 2012. 
  2. The Thule, arkivert frå originalen 2014-12-13, henta 14. november 2022 
  3. Map of the Inuvialuit Settlement Region
  4. 4,0 4,1 Map of the Inuvialuit Settlement Region including communities
  5. Statistics Canada: Aboriginal Population Profile, 2016 Census, Inuvialuit region
  6. Figures are for the Inuvialuit Settlement Region only
  7. 7,0 7,1 Alle tal frå folketeljinga i Canada 2006, Aklavik, Inuvik, Paulatuk, Sachs Harbour (Inuvaluittal er for alle urfolk), Tuktoyaktuk and Ulukhaktok.
  8. «The People of the Boreal Forest». albertasource.ca. Henta 30. september 2007. 
  9. «1935 Reindeer Herding in the Northwest Territories». NWT Timeline. Prince of Wales Northern Heritage Centre. Henta 22. februar 2021.