Inverclyde
Utsjånad
| Inverclyde | |||
| Inbhir Chluaidh | |||
| region | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Konstituerande land | |||
| Adm.senter | Greenock | ||
| Areal | 160,4505 km² | ||
| Folketal | 77 800 (2019)[1] | ||
![]() Inverclyde 55°54′N 4°45′W / 55.9°N 4.75°W | |||
| Wikimedia Commons: Inverclyde | |||
Inverclyde (skotsk-gælisk Inbhir Chluaidh) er ein av 32 regionar i Skottland. Han grensar til Renfrewshire og North Ayrshire og er elles omgjeve av Firth of Clyde. Inverclyde er ein av tre regionar innanfor grensene til det historiske Renfrewshire, i lag med East Renfrewshire og eit mindre Renfrewshire-område. Det eldre Renfrewshire finst framleis som tradisjonelt grevskap og statthaldarskap som omfattar Inverclyde.
Inverclyde var frå 1975 til 1996 eit distrikt i Strathclyde region. Før 1975 låg det i grevskapet Renfrewshire.
Regionen er eit av dei minste av dei 32 regionane både i areal (29. største) og folketal (27. største).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Inverclyde» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.
