Ragnar Hovland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland Bjoernsonfestvalen 2006.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 15. april 1952 (64 år)
Yrke Forfattar
Periode 1979-
Debut Alltid fleire dagar
Ragnar Hovland på Commons

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlgaskonsulent fødd i Bergen.[1] Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe.[2] Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdistisk tilsnitt».[1] Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og blei gjeven Aschehougprisen 2012 for sin «fantastiske forfatterskap».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ragnar Hovland var fødd i Bergen og voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn. Far hans var prest.[2] Han er dotterson til Bjørgvin-bispen og bibelomsetjaren Ragnvald Indrebø.[3]

Under gymnastida var Hovland i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Året etter gav han ut ei barnebok, Det får stå til.[1]

I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane. Han har gjendikta Stephen Sondheims musikal Sweeney Todd til nynorsk. Teksten til Odd Nordstoga sin kjende «Kveldssong for deg og meg» er henta frå Hovland si diktsamling Elefantmusikk.[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 – Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0191-7
  • 1988 – Love me tender : eit mysteriespel i to akter (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0308-1
  • 1990 – Gjest Baardsen døyr aleine ved Nilens breidd : eit draumspel (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0384-7
  • 1998 – Detektivforteljing (Oslo: Samlaget)
  • 2016 - Om noko skulle skje (Ungdomsbok, Samlaget)

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 – Signaler '89 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12026-8  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 1997 – Norske tekster : prosa etter 1900 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-16371-4  [Av innhaldet: Seinsommarnattsdraum / Ragnar Hovland]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 2. Prosa (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6117-0  [Inneheld bidrag av Ragnar Hovland]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 3. Dikt og biletbøker (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6118-9  [Inneheld bidrag av Ragnar Hovland]
  • 2006 – Passor: spøkelse : 15 nordiske grøss (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6617-0  [Av innhaldet: Den nye guten / Ragnar Hovland]
  • 2006 – Signaler 2006 : Cappelens årlige debutantantologi (Oslo: Cappelen) . ISBN 978-82-02-25784-2  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Ulven under senga / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Møtet med julenissen / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt. Kveldssong for deg og meg / Ragnar Hovland]
  • 2009 – Den beste låta (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-30040-1  [Av innhaldet: Når livet er fylt med mykje forvirring / Ragnar Hovland]
  • 2011 – Jeg fant, jeg fant! : dikt for barn (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: I mørke natt / Ragnar Hovland]
  • 2012 – Ler dei no, så har eg vunne : møte med Ragnar Hovland (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8133-3  [Forfattarar: Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Av innhaldet: Balladen om det store raset i Luster. Ein countryrockars draum. Første sommarferie. Hasta la victoria siempre, Einar Ø.! Horungavåg-spelet (eit innandørs utespel). Julekveld i skogen. Min veg til filmen. Noko fælt i vedskjulet. Siste båt til Vadheim. Sommarnatt. Stillferdige menn går i land. Å julegran / Ragnar Hovland]
  • 2015 – DUS, den unge scenen (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Julekveld / Ragnar Hovland]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ragnar Hovland», Store norske leksikon, 9. februar 2014, https://snl.no/Ragnar_Hovland, henta 6. mars 2017 
  2. 2,0 2,1 Finn Tokvam; Silje Martinsen Wettre (07.06.2012), Livet, Døden, Sognefjorden og Kjærleiken – Eit portrett av Ragnar Hovland, https://www.nrk.no/kultur/portrettet---ragnar-hovland-1.8180770 
  3. BlixBlog
  4. Øystein Espe Bae (2. august 2012): Nordstoga: Popmusikk er som slåttestev. Framtida
  5. Ragnar Hovland fekk Aschehougprisen. bt.no (30. august 2012).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.