Izuøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izuøyane
øygruppe
Land  Japan
Del av Tokyo Islands, Izu-Bonin-Mariana Arc
Kart
Izuøyane
34°19′0″ N 139°40′0″ E
Wikimedia Commons: Izu Islands

Izuøyane (伊豆諸島 , Izu-shotō) er ei kjede av vulkanske øyar som strekker seg sørover i Stillehavet frå Izuhalvøya i Japan i ei lengd på ca. 580 kilometer. Dei er ein del av den same vulkanske kjede som Fujifjellet.

Øyane som ligg nærast Honshu blir kalla «dei sju Izuøyane» (伊豆七島, Izu Shichito). Heile arkipelet til og med den fjerntliggande Lots hustru blir kalla Izuøyane (伊豆諸島 - Izu-shotō). Totalt finst det over eit dusin øyar. Ni av dei er folkesette. Øyane blir administrerte av Tokyo storbyområde, eit av dei 47 prefektura i Japan.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Den største øya målt i areal og befolkning er Izu Ōshima, som også ligg nærast kysten av Honshu. Ōshima er ein særs aktiv stratovulkan som sist hadde utbrot i 1990. Øya er òg kjend for dei varme kjeldene sine og ein rik flora, m.a. kamelia som blir brukte til framstilling av kameliaolje.

To-shima har ikkje hatt vulkanutbrot på fleire tusen år. Denne øya er òg kjend for produksjon av kameliaolje. Kamelia dekker 80 % av øya.

Den vesle øya Udone-shima var tidlegare folkesett, men er no forlaten. Vulkanen på øya er utdøydd.

Nii-jima er kjend for kvite klipper og kvite strender skapt av den vulkanske bergarta ryolitt. Øya har ikkje hatt vulkansk aktivitet sidan 900-talet, men er heimsøkt av hyppige jordskjelv. Like ved Nii-jima ligg Shikine-jima, som også er kjend for vakre strender, og dessutan varme kjelder.

Kōzu-shima er ei relativ flat øy, og manglar dei dramatiske klippene ein kan sjå på andre øyar i arkipelet. Det har ikkje vore vulkansk aktivitet her sidan 800-talet.

Miyake-jima er ein aktiv stratovulkan som sist hadde utbrot i 2010. Med den vulkanske aktiviteten følgjer òg giftige gassar som, alt etter vindretninga, kan vera farleg for befolkninga som stadig held til på øya. Innbyggarane er rådde til å alltid ha ei gassmaske for handa.

Hachijō-jima er den nest største øya i gruppa, målt både i areal og innbyggartal. Ho har ikkje hatt nokon vulkansk aktivitet sidan 1600-talet. Klimaet er subtropisk, og bregnar, palmetre, hibiskus og bougainvillea dekker øya.

Den siste folkesette øya på veg sørover er den eksotiske øya Aogashima. Ho er kjend for vulkanfjellet sitt som har ein kaldera inne i ein større kaldera. Siste utbrot var på slutten av 1800-talet.

Lengre sør ligg det fire små, vulkanske øyar som ikkjer er folkesette, mellom anna det særprega fuglefjellet Sōfu Iwa (Lots hustru) som berre er 0,005 km² stort, men når ei høgde av 100 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

På «Dei sju Izuøyane» er det så langt sør som Hachijō-jima funne spor av busetjing som går tilbake til steinalderen. Dei eldste spora peikar tilbake på ainufolket koro-pok-guru som budde der før japanarane kom (jōmonkulturen). Men ein reknar med at menneske allereie for 20 000 år sidan kryssa over til øyane for å henta obsidian som dei brukte som steinreiskapar. På denne tida var havnivået lågare, og fleire av øyane var forbundne til ei større øy.[1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Den vakre naturen og dramatiske geologi til øyane, og dessutan nærleiken og ferjesamband til «fastlandet» gjer dei til populære reisemål.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa består av følgjande øyar:

Bilde Namn Kanji Areal(km²)



Innbyggarar(2007)



Høgaste punkt(moh.)







Navnhøyeste punkt



Koordinatar
Izu Ōshima 伊豆大島 91,06 8472 764 Mihara 34°44′0″N 139°24′0″E 34°44′0″N 139°24′0″E
To-shima 利島 4,12 304 508 Miyatsuka 34°31′0″N 139°17′0″E 34°31′0″N 139°17′0″E
Udone-shima 鵜渡根島 0,4 - 210   34°28′0″N 139°18′0″E 34°28′0″N 139°18′0″E
Nii-jima(med Hanshima og Jinai-tō)



新島 23,53 2420 432 Miyatsuka 34°22′0″N 139°16′0″E 34°22′0″N 139°16′0″E
Shikine-jima 式根島 3,9 600 109 Kambiki 34°19′30″N 139°13′0″E 34°19′30″N 139°13′0″E
Kōzu-shimamed Ombase-jima



神津島 18,87 1914 574 Tenjō-zan 34°13′0″N 139°09′0″E 34°13′0″N 139°09′0″E
Miyake-jima 三宅島 55,48 2382 815 Oyama 34°05′0″N 139°32′0″E 34°05′0″N 139°32′0″E
Ōnohara-jima 大野原島 0,02 - 114 Koyasu 34°03′0″N 139°23′0″E 34°03′0″N 139°23′0″E
Mikura-jima 御蔵島 20,58 313 851 Oyama 33°52′30″N 139°36′0″E 33°52′30″N 139°36′0″E
Inamba-jima 藺灘波島 0,005 - 74   33°39′0″N 139°18′0″E 33°39′0″N 139°18′0″E
Hachijō-jima 八丈島 69,54 8363 854 Nishiyama (Hachijō-Fuji) 33°07′0″N 139°47′0″E 33°07′0″N 139°47′0″E
Hachijō-kojima 八丈小島 3,08 - 616,8 Taihei-zan 33°08′0″N 139°41′0″E 33°08′0″N 139°41′0″E
Aogashima 青ヶ島 5,98 192 423 Maruyama (Ō-Toppu) 32°27′29″N 139°46′04″E 32°27′29″N 139°46′04″E
Beyonēsu-retsugan (Bayonnaise-skjærene) ベヨネース列岩 0,01 - 9,9   31°53′0″N 139°55′0″E 31°53′0″N 139°55′0″E
Sumisu-tō 須美寿島 0,02 - 136   31°26′0″N 140°03′0″E 31°26′0″N 140°03′0″E
Tori-shima 鳥島 4,79 - 394 Iō-zan 30°29′04″N 140°18′04″E 30°29′04″N 140°18′04″E
Sōfu Iwa (Lots Hustru) 孀婦岩 0,005 - 99   29°48′0″N 140°21′0″E 29°48′0″N 140°21′0″E

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Izu Islands: Their Role in the Historical Development of AncientJapan» (PDF). N. Miyaca, Tokyo: Shogakkan. 1991. Henta 28. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Izuøyane