Jørgen H. Meinich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen H. Meinich
Fødd2. februar 1868
Død11. november 1948 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
FarHans Thomas Meinich
Alle verv

Jørgen Herman Meinich (2. februar 186811. november 1948) var ein norsk jurist, embetsmann og Høgre-politikar frå Bergen. Hans Meinich var far hans.

Meinich vart student 1885 og avla juridisk embetseksamen i 1890. Han var deretter amtsfullmektig i Nordre Bergenhus amt og frå 1891 sorenskrivarfullmektig i Nordfjord. I 1893 vart han tilsett i Finansdepartementet; Han var så i 1895 konstituert sorenskrivar i Ringerike, og deretter konstituert amtmann i Nordre Bergenhus amt 1896-97. Frå 1901 var han byråsjef i Finansdepartementet, før han flytta til Tromsø der han var byfut frå 1905. Han var medlem av bystyret 1907-18, straks vald til varaordførar (1907-08), ordførar i 1909. Frå 1909 var han også krigsdommar i Tromsø stift.

I åra 1918-23 var Meinich sorenskrivar i Mellom Jarlsberg, før han vart utnemnd til fylkesmann i Vestfold, eit embete han styrte fram til 1938. Som fylkesmann var han med på gjennomføringa av fleire større tiltak, som bygging av Vrengenbrua, ombygging av Vestfoldbanen, modernisering av vegane i fylket samt utviding av fylkessjukehuset i Vestfold.[1]

Meinich var 1910-12 innvald på Stortinget frå valkrinsen Tromsø, og i 1922-24 frå bykrinsane i Vestfold. Begge gongane representerte han Høgre. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av budsjettkomiteen, i den andre av militærkomiteen, 1923-sesjonen også av fullmaktskomiteen. Han skal ha takka nei til statsrådspostar grunngjeve med at han lokalt kunne gjere større nytte for seg.[2][3]

Han vart i 1934 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Meinich døydde i Oslo i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar K. Aas: Kjente Tønsbergborgere for 50 år siden, Tønsberg, 1976
  2. CV Arkivert 2016-03-15 ved Wayback Machine., Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
  3. Eva Knudsrød: «Meinich-familien i Horten og Borre» Arkivert 2007-08-17 ved Wayback Machine., Borreminne 1996

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jørgen Herman Meinich (d.y.): Meinich-familien i Danmark og Norge, Oslo 1969