Jacques Rousseau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Rousseau
Com L23-0644-0004-0003.tif
Fødd 10. mars 1951 (72 år)
Pointe-à-Pitre
Yrke friidrettsutøvar
Jacques Rousseau på Commons

Jacques Rousseau (fødd 10. mars 1951) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Basse-Terre på Guadeloupe. Han vart europameister i lengdehopp i 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rousseau kvalfiserte seg til finalen under friidretts-EM 1971 i Helsingfors med eit hopp på 7,82 m. I finalen enda han på ellevteplass med moderate 7,56 m. Under Sommar-OL 1972 i München hoppa han 7,65 meter og vart nummer ti. Same plassering fekk han ved europameisterskapen 1974 i Roma.

I 1973-sesongen var Rousseau nær ved å slette den franske lengderekorden på 8,16 m, men landa tre cm for tidleg. Våren 1975 sigra Rousseau med 7,94 meter i EM innandørs i Katowice. Året etter forsvarte han i München meistertittelen med eit hopp på 7,90 meter. Den 26. juni 1976 gjorde han sitt livs lengste hopp og sette landsrekord med 8,26 meter då han vart fransk meister i Lille.

Rousseau reiste til Sommar-OL 1976 i Montreal som ein klar medaljekandidat. I lengde-finalen stoppa han på 8,00 meter og vart nummer fire, to centimeter bakom bronsevinnaren, austtyske Frank Wartenberg.

Etter å ha kava med å kvalifisere seg til lengdefinalen ved europameisterskapen i Praha i 1978, slo Rousseau til med 8,18 meter i finalen, ny meisterskaprekord og gullmedalje med ein margin på seks centimeter til Nenad Stekic som representerte Jugoslavia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]