Jacob Sverdrup Smitt
Utsjånad
(Omdirigert frå Jakob Sverdrup Smitt)
| Jacob Sverdrup Smitt | |||
| | |||
| Fødd | 6. januar 1835 Nordre Land kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 6. juni 1889 (54 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, luthersk prest | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Verv | Biskop i Tromsø stift 1876–1885 | ||
| Føregangar | Fredrik Waldemar Hvoslef | ||
| Etterfylgjar | Johannes Nilsson Skaar | ||
| Verv | Biskop i Kristiansand stift 1885–1889 | ||
| Føregangar | Jørgen Tandberg | ||
| Etterfylgjar | Johan Christian Heuch | ||
| Alle verv |
| ||
Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 1835–6. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann.
Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 1876–85, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.
I tre periodar (1874–1882) representerte han Tromsø, og byane i Finnmark på Stortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.
Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jacob Sverdrup Smitt» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2008.
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jacob Sverdrup Smitt ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør