Jan Egeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Egeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1957 (66 år)
Stavanger kommune
Yrke politikar, diplomat, menneskerettsaktivist
Politisk parti Arbeidarpartiet
Far Kjølv Egeland
Ektefelle Anne Kristin Sydnes
Jan Egeland på Commons

Jan Laurits Egeland (fødd 12. september 1957 i Stavanger) er ein norsk organisasjonsmann og Arbeidarparti-politikar. Han er generalsekretær i Flyktninghjelpen. Egeland har arbeidd med menneskeretttar, konfliktløysing og naudhjelp. Han har vorevisegeneralsekretær i FN, direktør i Human Rights Watch Europe, statssekretær for Arbeidarpartiet, generalsekretær i Norges Røde Kors og direktør ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Han er professor II ved Universitetet i Stavanger. I 2007 gav han ut sjølvbiografien Det nytter.

Egeland er kanskje best kjend for fredsarbeidet sitt og ei frittalande haldning i arbeid med humanitære katastrofar i krigsområde.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jan Egeland tok cand.mag. i statsvitskap ved universitetet i Oslo i 1982 og magister-artium i 1985. Han byrja å arbeide for Raudekrossen som informasjonsleiar. Det var han frå 1988 til 1989, då han vart utanlandssjef. Denne jobben hadde han i eitt år.

Frå 1990 til 1992 var han politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet, og frå 1992 til 1997 var han statssekretær i same departement.

I 1997 byrja han å arbeide for Raudekrossen i Noreg att, denne gongen som spesialrådgjevar, ein jobb han hadde fram til 1999. Han har også vore rågjevar for International Peace Research Institute, Inter-American Development Bank og Henry Dunant-senteret i Genève.

Egeland byrja å jobbe for SN i 1999, då han vart spesialrådgjevar for Colombia. Dette var han fram til 2001. Etter eit kort opphald hjå Raudekrossen att, som generalsekretær, byrja han som visegeneralsekretær i SN og leiar for den sentrale humanitære samordningseininga (OCHA). Denne jobben hadde han frå 2003 til 2006.

I 2007 vart han direktør for Norsk utanrikspolitisk institutt og spesialrådgjevar for generalsekretæren i SN.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Egeland var gift med tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes, som døydde i 2017. Han har to døtrer.[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart Egeland tildelt Peer Gynt-prisen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Det nytter (2007) – sjølvbiografisk og om perioden som visegeneralsekretær i OCHA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tor Arne Andreassen (20.10.2006). «Jan Egeland slutter». Aftenposten.no.