Anne Kristin Sydnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne Kristin Sydnes
none
Fødd 13. mai 1956
Død 3. mars 2017
Wikimedia Commons: Anne Kristin Sydnes

Anne Kristin Sydnes (13. mai 19563. mars 2017)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Oslo.

Sydnes vart cand.polit. med hovudfag i statsvitskap. Ho var 1985-1995 forskar, og 1995-1997 assisterande direktør ved Fridtjof Nansens institutt. Frå 1997 var ho direktør i Statoil med spesialansvar for menneskerettsspørsmål og landanalysar.

I tida 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i Jens Stoltenberg si første regjering var Anne Kristin Sydnes statsråd i Utanriksdepartementet. Fram til 5. mai 2000 var embetet kalla statsråd med ansvar for bistandssaker (bistandsminister), deretter vart dette endra til statsråd med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister).

Ho var utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp frå 2007.

Anne Kristin Sydnes var gift med diplomaten og Arbeidarparti-politikaren Jan Egeland, generalsekretæren for Flyktninghjelpen. Tidlegare var ho gift med næringslivsmannen og høgrepolitikaren Terje Osmundsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]