Jan and Dean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan and Dean
Jan and Dean 1964.JPG
Jan and Dean i 1964
Sjanger
Aktive år 1958–2004
Tilknytte artistar The Beach Boys, Jill Gibson, The Fantastic Baggys
Plateselskap Arwin, Doré, Ripple, Challenge, Liberty, London, J&D, Jan & Dean, Magic-Lamp, Columbia, Warner Bros., Brer Bird, White Whale
Nettstad www.jananddean.com
Tidlegare medlemmer
Jan Berry
Dean Torrence

Jan and Dean var ein USA-amerikansk rockeduo som bestod av William Jan Berry (3. april 1941 – 26. mars 2004) og Dean Ormsby Torrence (f. 10. mars 1940).

Tidleg i 1960-åra var dei pionerar innan California Sound og vokal surfemusikk, som vart gjort populær av The Beach Boys. Blant dei mest suksessrike songane deira finn ein «Surf City» frå 1963, den første surfesongen som gjekk inn på Hot 100-lita. Dei andre singlane dei fekk inn på Topp 10-lista i USA var «Drag City» (1963), «The Little Old Lady from Pasadena» (1964) og «Dead Man's Curve» (1964). Den sistnemnde songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2008.[1]

Duoen gav seg i 1966, men dette kom ikkje av den fallande populariteten. Jan Berry vart hardt skadd i ei bilulukke våren 1966, noko som er ironisk med tanke på at ein av dei mest kjende songane, «Dead Man's Curve», handlar om ei bilulukke. Han klarte seg trass små sjansar til å overleve, men det tok fleire år før han fekk normal tale igjen. Då Berry vart nokolunne frisk att, gav dei seg ut på turnear igjen som ikon frå den tidlege 60-talstida.

I 1972 vann Torrence Grammyprisen for beste plateomslag for debutalbumet til det psykedeliske rockebandet Pollution,[2] og vart nomienrt tre gonger til i same kategori for albuma til Nitty Gritty Dirt Band.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]