Surf City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Surf City
Singel av Jan and Dean
frå albumet Surf City and Other Swingin' Cities
B-side «She's My Summer Girl»
Utgjeve 17. mai 1963
Innspelt 20. mars 1963
Studio
Sjanger Surfemusikk
Lengd 2:36
Selskap Liberty #55580
Låtskrivar(ar) Brian Wilson, Jan Berry
Produsent Jan Berry
Jan and Dean-kronologi
«Linda»
(1963)
Surf City «Honolulu Lulu»
(1963)


«Surf City» er ein song skriven av Brian Wilson og Jan Berry om ein oppdikta surfestad der det finst «to jenter til kvar gut.»[1]Han vart først spelt inn og gjort populær av den amerikanske duoen Jan and Dean i 1963, og singelen deira vart den førsste surfesongen som nådde toppen av singellista i USA.[2]

I 1991, etter å ha flytta til Huntington Beach i California, var Dean Torrence med å overtyde styresmaktene i byen om å offisielt gje byen kallenamnet Surf City.[3]

Jan and Dean-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det første utkastet til songen hadde arbeidstittelen «Goody Connie Won't You Come Back Home» og var skriven av Brian Wilson i The Beach Boys.[4] På ei fest med Jan Berry og Dean Torrence, spelte Wilson «Surfin' U.S.A.» for dei på piano. Berry og Torrence føreslo at dei kunne gje ut songen på singel, men Wilson ville ikkje, sidan «Surfin' U.S.A.» var meint for The Beach Boys. Wilson føreslo så at duoen kunne spele inn «Surf City» i staden for og laga ein demo med opninga, verset og refrenget.[5] Wilson hadde mista interessa i songen og trudde ikkje han var i stand til å gjere han ferdig.[6] Berry skreiv seinare songen ferdig,[1].

Hal Blaine, Glen Campbell, Earl Palmer, Bill Pitman, Ray Pohlman og Billy Strange spelte på singelen.[7]

Singelen kom ut i mai 1963 og to månader seinare vart han den første surfesongen som nådde toppen av den nasjonael singelista. Han låg på toppen av Billboard Hot 100 i to veker.[2][6] Singelen kryssa over til Billboard R&B-lista der han nådde tredjeplassen.[8] Singelen gjekk òg inn på den britiske singellista, der han nådde 26. plassen.[9] Før denne singelen hadde Jan and Dean hovudsakleg laga musikk som var inspirert av svart vokalmusikk frå Austkysten. Suksessen med «Surf City» gav dei ein unik stil og identitet som gjorde at dei følgde opp med fem singlar til som nådde Topp 10, inspirert av surfe- og hotrod-livet i Los Angeles.[10]

Manageren til The Beach Boys og faren til Wilson, Murry vart rasande då han meinte at Brian hadde kasta bort ein hit som kunne gått til The Beach Boys. Brian sa seinare i Teen Beat at han var stolt over at ei anna gruppe fekk ein stor hit med ein song han hadde skrive.»[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barres, Pamela Des (1996). «Riding the Wild Surf to Deadman's Cove». Rock Bottom: Dark Moments in Music Babylon. St. Martin's Press. s. 13. ISBN 978-0-312-14853-9. 
  2. 2,0 2,1 Marcus, Ben (2013). Surfing: An Illustrated History of the Coolest Sport of All Time. MBI Publishing Company. s. 92. ISBN 978-1-61058-761-7. 
  3. Miller, Michael (April 26, 2011). «Two Bites for Everyone». The Independent. 
  4. Lambert, Philip (19 March 2007). Inside the Music of Brian Wilson: The Songs, Sounds, and Influences of the Beach Boys' Founding Genius. Bloomsbury Publishing. s. 81. ISBN 978-1-4411-0748-0. 
  5. Preiss, Byron (1979). The Beach Boys. Ballantine Books. s. 16. ISBN 978-0-345-27398-7. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Badman, Keith (2004). The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band, on Stage and in the Studio. Backbeat Books. s. 39. ISBN 978-0-87930-818-6. 
  7. «Phonograph Recording Contract» (PDF). The Wrecking Crew. American Federation of Musikars. Henta 9. mars 2018. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 292. 
  9. UK Official Charts Archive, 21 August 1963
  10. Gillett, Charlie (2011). The Sound of the City: The Rise of Rock & Roll. Souvenir Press Limited. s. 8. ISBN 978-0-285-64024-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]