Jannitsá
Utsjånad
| Jannitsá Lokalt namn Γιαννιτσά | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | 40°48′N 22°24′E / 40.800°N 22.400°E |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune | Sentral-Makedonía Pélla Pélla |
| Hovudsete | Jannitsá (28 759 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 32 410 (2021[1]) |
Jannitsá (gresk Γιαννιτσά, slavisk Енидже Вардар eller Ениџе Вардар, Enidzje Vardar eller Enidze Vardar, tyrkisk Yenice eller Vardar Yenicesi) er ein by i periferieininga Pélla i Sentral-Makedonía i Hellas. Han var tidlegare ein eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Pélla, der han er hovudsete.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Jannitsá 32 410 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 28 759 innbyggjarar.[1]
Jannitsá ligg ikkje langt frå den antikke byen Pella, fødestaden og hovudstaden til Aleksander den store, og er den største byen på Den makedonske sletta.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (gresk)