Hopp til innhald

Periferieininga Pélla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Pélla
Περιφερειακή ενότητα Πέλλης
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiSentral-Makedonía
HovudstadÉdessa
Folketal126 740 (2021[1])
Areal2 506 km² Rangering 21.
Folketettleik51/km²
Kommunar4
Postnummer58x xx
Retningsnummer238x0
BilnummerEE
Heimesidewww.pella.gr

Periferieininga Pélla (gresk Περιφερειακή ενότητα Πέλλης, Periferiakí enótita Péllis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden er Édessa og ho grensar til Flórina i vest, Kozáni i sørvest, Imathía i sør, Thessaloníki i søraust, Kilkis i aust og nabolandet Nord-Makedonia i nord.

Pélla var tidlegare ein del av det store Thessaloniki prefektur fram til 1947, då dette vart delt opp i mindre prefektur, frå 2011 ei periferieining. Pélla er kalla opp etter den antikke byen med same namn.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Pélla eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
PostnummerRetningsnr
PéllaAlmopíaAridéa584 0023840-2
Exaplátanos580 0423840-4
PéllaJannitsá581 0023820-2
Pélla580 0523820-3
Kýrros581 0023820-51
Megás Aléxandros583 0023820-43
Krýa Vrýsi583 0023820-6
SkýdraSkýdra585 0023810-8
Meniída585 0023810-41
ÉdessaÉdessa582 0023810-2
Vegorítida580 0223810-31

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
JannitsáPélla29 78928 759
ÉdessaÉdessa18 22917 168
AridéaAlmopía6 5616 639
SkýdraSkýdra5 4065 686
Krýa VrýsiPélla5 2144 374
PéllaPélla2 3982 050
Néos MylótoposPélla1 9831 828
PrómakhiAlmopía1 7401 654
GalatádesPélla1 8581 628
KaryótissaPélla1 7791 605
Néa PéllaPélla1 5101 275
ÁrnissaÉdessa1 4111 242
ArséniSkýdra1 3961 241
ÁthyraPélla1 5241 234
PaléfytoPélla1 3881 225
KalíSkýdra1 3781 222
SevastianáSkýdra1 3921 181
LoutrákiAlmopía1 1461 176
AravissósPélla1 3981 170
ExaplátanosAlmopía1 2921 080
AxósPélla1 1971 022
SosándraAlmopía1 0781 008
AmbelíesPélla1 1591 003

Nordlege og sørvestlege område av Pélla er dekte av fjell, særleg Vérmiofjella, Vórasfjella (Nidže) i nordvest og Páikofjella i nordaust. Dei sørlege områda er flate og i antikken var det ei bukt som hang saman med Egearhavet. Høgda er i dag om lag 5-10 meter over havnivå. Vegorítidasjøen ligg i sørvest.

Området rundt den moderne periferieininga Pélla var ein del av Makedonia i antikken. Det vart seinare ein del av Romarriket, og så Austromarriket og Det osmanske riket. Etter 500 år med tyrkisk styre starta den greske sjølvstendekrigen, men grekarane tapte alle slaga i området og Pélla vart først ein del av Hellas i 1913, etter balkankrigane. Økonomien og jordbruket i Pélla betra seg og det vart oppretta fleire jordbruksområde, medan vegsystemet vart utbetra. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia i det moderne Tyrkia til området. Radio og bilar kom til landsbygda i 1950-åra, i tillegg til at vegane vart asfaltert.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]