Janusz Sidło

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Janusz Sidło
Janusz Sidlo 1.jpg
Fødd 19. juni 1933
Katowice, Warszawa
Død

2. august 1993
Warszawa

Janusz Sidło på Commons

Janusz Sidło (19. juni 19332. august 1993) var ein polsk friidrettsutøvar som tevla i spydkast. Han vart europameister i 1954 og forsvara meistertittelen i 1958. I mellomtida vann han sølvmedaljen under sommar-OL 1956, og han avslutta internasjonalt med ein bronse under EM i friidrett 1969.

Mellom 1951 og 1970 vart Sidło polsk meister i spydkast fjorten gongar, åra 1951-61 elleve gongar på rad. I tillegg vann han fire sølv og ein bronse i øvinga. Dessutan vart han polsk meister i granatkast i 1951 og -52, ei øving som vart arrangert berre dei to åra.

Han deltok i fem olympiske sommarleikar, 1952-68, og fem EM i friidrett, 1954-69. Sidlo var frå Katowice-Szopienice og døydde i Warszawa.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sidło vart polsk meister i spydkast i 1951 med eit kast på 63,01 meter, nærare seks meter lengre enn sølvvinnaren sitt bestekast. Året etter vart han meister med minste margin, 64,38 m mot Zbigniew Radziwonowicz sine 64,37 m. Han deltok den sesongen under sommar-OL i Helsingfors, der han vart utslått i kvalifiseringa. I 1953 vart han nasjonal meister for tredje gong, med eit kast på 69,80 m. Seint i sesongen, oktober 1953, sette han europeisk rekord med 80,15 m under ein landskamp mellom DDR og Polen i Jena. Verdsrekorden var då på 80,41 m.

Sidło vann gullmedaljen under EM 1954 i Bern, med 76,35 m som best slo han Vladimir Kuznetsov frå Sovjetunionen med god margin. Tidlegare i sesongen forbetra han meisterskapsrekorden i den polske meisterskapen til 72,05 m og i 1955 til 78,42 m. I 1956 vann han sitt sjette, strake nasjonale gull i spydkast. Etter han i juni 1956 sette verdsrekord med 83,66 m i Milano, var han favoritt til å ta den olympisk gullmedaljen i november. Under olympiske tevlinga, 26. november 1956 i Melbourne, kasta han 79,98 m i tredje omgangen og tok leiinga. I den fjerde omgangen bytta norske Egil Danielsen, som låg på sjetteplassen, til nytt spyd og overraska stort med ny verdsrekord på 85,71 m. Dermed måtte Sidło nøye seg med sølvmedalje.

Sidło heldt fram å verte polsk meister, i 1957 med meisterskapsrekord på 79,88 m, og i 1958 med 77,16 som bestenotering i meisterskapen. Han vart i 1958 atter europameister, med 80,18 m fekk han revansje over Egil Danielsen, som tok sølvmedalje knappe to meter bak.

Med eit kast på 80,81 m vart Sidło i 1959 polsk meister for niande gong på rad, same sesongen forbetra han den polske rekorden til 85,56 m. Dei to neste åra kasta han i overkant av 78 meter då han sikra sine tiande og ellevte strake meisterskapstitlar.

I kvalifiseringa til OL-finalen i Roma 1960 nådde han heile 85,14 m, og skulle ha vore stor favoritt i finalen om det ikkje hadde vore for at han sidan vart nære på treft av eit spyd til ein konkurrent. Han var så sjokka at han nådde ikkje lenger enn 76,46 m som best og vart nummer åtte, i staden var det Viktor Tsybulenko frå Sovjetunionen som slo knockout på dei andre spydkastarane med 84,64 m.

Under den polske friidrettsmeisterskapen 1962 i Warszawa kasta Sidło 77,55 m, men Władysław Nikiciuk sette årsbeste med 78,36 m og braut dermed Sidło si lange sigerrekke.

Sidło vart i 1963 polsk meister i spydkast for tolvte gong med eit vinnarkast på 80,30 m. Året etter kasta han heile 82,14 men måtte ta til takke med sølv, ettersom Nikiciuk sette ny personleg rekord med 84,49 m. Same hausten vart Sidło nummer fire i OL-tevlinga i Tokyo, 40 cm bakom Jānis Lūsis på bronseplassen.

Også i 1965 vart det sølv på Sidło i den polske meisterskapen. Józef Głogowski vann sitt einaste PM-gull med 79,12 m mot Sidłos 77,72 m. Derimot var Sidło suveren då han i 1966 vart polsk meister for trettande gongen med heile 83,12 m, over ni meter lengre enn nestemann på resultatlita.

I 1967 fekk Sidło si einaste bronsemedalje i ein nasjonal meisterskap. Både Nikiciuk og Glogowski gjorde årsbeste, Nikiciuk vart meister 82,92 m, Glogowski nådde 79,88 m og Sidlo 77,72 m. År 1968 mangla Sidło på sigerspallen etter den polske meisterskapen i spydkast, for fyrste gong sidan 1950.

Janusz Sidlo

Sidlo vann sitt fjortande og siste nasjonale meisterskap i Krakow i 1969. Med 81,86 m sigra han med ein margin på seks centimeter over sin argaste nasjonale rival, Władysław Nikiciuk. Under EM i friidrett 1969 overraska Sidło ved å ta bronsemedaljen med eit kast 82,90 m, men var langt bak europameisteren Jānis Lūsis frå Sovjetunionen, som kasta 91,52 m, og finnen Pauli Nevala som nådde 89,58 m.

Den 7. mai 1970 forbetra Sidło den polske rekorden til 86,22 m under eit stemne i Mantes i Frankrike. Dette vart hans lengste spydkast nokon sinn. Seinare i sesongen tok Sidło si siste medalje i eit polsk meisterskap, ein sølvmedalje, etter å ha nådd 80,42 m. Atter var det Nikiciuk som var overmannen hans, han kasta spydet 83,14 m.

Sidło la opp i 1973, i si siste tevling kasta han 74,48 m.

Gjennom si tid som aktiv var han medlem av Spójnia Gdańsk 1951-54, Spójnia Warszawa 1955-56 og 1967-73, samt Sparta Warszawa 1957-66.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1951 1952 1953 1954 1956 1958 1959 1960 1962 1964 1966 1968 1969 1970
Lengde (m) 67,88 68,42 80,15 79,03 83,66 81,97 85,56 85,14 78,82 85,09 84,86 84,40 83,80 86,22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, aktuelle årgangar. Helsingborg