Jenakijeve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 48°13′00″N 38°12′00″E
Jenakijeve
ukrainsk Єнакієве, russisk Енакиево
by
Yenakievo sq lenin.jpg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Bykommune Jenakijeve
Koordinatar 48°13′00″N 38°12′00″E
Areal 39,2 km²
Folketal 104 000 (2001)
 - storby 161 500
Folketettleik 2 653 / km²
Grunnlagd 1782
 - Byrettar 1925
Borgarmeister Serhij Rukhadze
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 86400—86470
Retningsnummer +380 6252
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Yenakiieve
Nettstad: Verkhovna Rada of Ukraina

Jenakijeve (ukrainsk Єнáкієве; russisk Ена́киево, Jenakijevo) er ein by i Donetsk oblast (provins) aust i Ukraina. Byen ligg ved elva Krynka kring 60 km frå Donetsk. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.

Jenakijeve er eit viktig regionssenter for kolgruvedrift, metallurgi, kjemikalieproduksjon og annan produksjon. Den utdaterte industrien i byen har ført til ulukker som gasseksplosjonen i juni 2008 i ei av kolgruvene i Jenakijeve.

Jenakijeve vart grunnlagd i 1898 då fleire arbeidsbusetnader kring Peter jerk- og stålverk, vart samla til ein enkelt busetnader som fekk namn etter Fjodor Jenakijev. Dei første kolgruvene vart bygde alt i 1883. Busetnaden fekk bystatus i 1925.

I Jenakijeve ligg ein av dei eldste metallurgiske fabrikkane i Ukraina - Jenakijeve jern- og stålverk.

Byen har like over 100 000 innbyggjarar. Kring 14 % av innbyggjarane har ukrainsk som morsmål, medan resten snakkar russisk. Byen er kjend som fødestaden til president i Ukraina, Viktor Janukovytsj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]