Tsjystjakove
Tsjystjakove | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
oblast | Donetsk oblast | ||
Koordinatar | |||
Areal | 105,8 km² | ||
Folketal | 82 900 (2010) | ||
Folketettleik | 784 / km² | ||
Grunnlagd | 1778 | ||
Borgarmeister | Viktor Mikhailovytsj Antonov | ||
![]() Torez | |||
Wikimedia Commons: Torez | |||
Nettstad: http://www.torez.info/ | |||
Tsjystjakove (ukrainsk Чистякове; før 2016: Torez, russisk Чистяково) er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2010). Dei fleste innbyggjarane arbeider i gruveindustrien, sjølv om talet på arbeidarane har minka dei siste åra.
Byen skifta namn frå Tsjystjakove til Torez til ære for leiaren i Det franske kommunistpartiet Maurice Thorez, i 1964, året han døydde. Sidan 2014 er han kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk. Ukrainske styresmakter endra i 2016 namnet på byen attende til Tsjystjakove, men dei ikkje har kontroll over byen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen Tsjystjakove vart grunnlagd i 1778 som ein liten busetnad ved samløpet mellom elvane Sevostjanivka og Orlova av flyktande liveigne frå forskjellige område i Ukraina og sør i Det russiske imperiet.
Sidan 1860-åra vart byen eit senter for kolgruvedrift.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Torez» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- www.torez.info (russisk)