Jerusalem distrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jerusalem-distriktet)
Jerusalem distrikt
hebraisk מחוז ירושלים, arabisk منطقة القدس
distrikt
Land  Israel
Lokale kommunar 3
Regionale kommunar 1
Byar 2
Administrasjonsstad Jerusalem
Koordinatar 31°45′N 35°00′E / 31.750°N 35.000°E / 31.750; 35.000
Areal 652 km²
Folketal 889 300  (2008)
Folketettleik 1 364 / km²
Kart
Jerusalem distrikt
31°45′14″N 35°02′13″E / 31.753888888889°N 35.036944444444°E / 31.753888888889; 35.036944444444
Wikimedia Commons: Jerusalem District

Jerusalem distrikt (hebraisk מחוז ירושלים; arabisk منطقة القدس) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det administrative senteret er Jerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og har 910 300 innbyggjarar. Av desse er 67,8 % jødiske og 30,6 % arabarar. Ein femtedel (21 %) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar både Aust- og Vest-Jerusalem.[1]

Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt er palestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten er israelske arabarar som bur i Abu Ghosh, Beit Safafa og Aust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra.[2] Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3 % muslimar, 1,8 % kristne og 1,4 % ikkje klassifisert av religion.[3]

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Byar Lokale kommunar Regionale kommunar

Kommunen Jerusalem, inkludert Aust-Jerusalem og andre annekterte delar av Vestbreidda, utgjer 125 km² eller kring 19 % av Jerusalem distrikt i 2008.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]