Joachim Grieg
Joachim Grieg | |
Fødd | 19. desember 1849 Bergen |
Død |
7. desember 1932 (82 år) |
Yrke | politikar |
Joachim Grieg (19. desember 1849–7. desember 1932) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Bergen.
Joachim Grieg var nevø av komponisten Edvard Grieg. Han vart skipskaptein i 1874, og deltok som førar av skipet «Vøringen» i den norske nordhavsekspedisjonen 1876–78. 1. januar 1884 grunnla han si eiga skipsmeglar- og frakteforretning i Bergen. Då broren Halfdan trådde inn i 1920, fekk ho namnet Joachim Grieg & Co. I 1898 oppretta han ein filial i Kristiania.
Grieg var frå 1886 medlem av bystyret i Bergen, og var med i styret for Den Nationale Scene. Han hadde òg verv i Harmonien. I 1919 kjøpte han Troldhaugen av Nina Grieg, enka etter Edvard Grieg. I 1925 overdrog han eigedommen til Fana kommune.
1906–1909 representerte han Bergen på Stortinget, for Samlingspartiet. I 1904 var han medlem av konsulatkomiteen, og i 1907 var han delegert for Noreg ved fredskonferansen i Haag. I 1913 var han medlem av komiteen som skulle førebu den tredje Haag-konferansen, og etter fyrste verdskrigen vart han medlem av ein komite som skulle reie ut spørsmål vedkomande Folkeforbundet.
Utmerkinger[endre | endre wikiteksten]
Grieg var portugisisk visekonsul frå 1882. Han var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave, bind X, s. 124 [1]
- Utdjupande artikkel om Grieg i NBL, skriven av Atle Thowsen.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografisk informasjon om Joachim Grieg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv