Joe South
Joe South | |||
Joe South i 1970 | |||
Fødd | 28. februar 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Atlanta i Georgia i USA | ||
Død | 5. september 2012 (72 år) | ||
Dødsstad | Buford i Georgia i USA | ||
Fødenamn | Joseph Alfred Souter | ||
Alias | Joe South | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958–2012 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Lynn Anderson, Billy Joe Royal, Bill Lowery | ||
Plateselskap | Capitol | ||
Verka som | Låtskrivar, musikar, songar |
Joe South (fødd 28. februar 1940 som Joseph Alfred Souter, daud 5. september 2012) var ein USA-amerikansk singer-songwriter, gitarist og plateprodusent. Han er mest kjend som låtskrivar og vann Grammyprisen i 1970 for årets song med «Games People Play» og vart igjen nominert i 1972 for «Rose Garden».
South vart òg mykje nytta som studiomusikar og spelte gitar på Tommy Roe sin «Sheila», Bob Dylan-albumet Blonde on Blonde og den klassiske tremolointroen til Aretha Franklin sin «Chain of Fools».[1] South spelte elektrisk gitar på det andre albumet til Simon & Garfunkel, Sounds of Silence.
South skreiv songar for Lynn Anderson, Freddy Weller, Jeannie C. Riley og Penny DeHaven, som alle fekk hittar på countrylista i USA med songane, i tillegg til songar for Jerry Lee Lewis, Johnny Cash, Glen Campbell, Loretta Lynn, Carol Burnett, Andy Williams, Kitty Wells, Dottie West, Jim Nabors, Arlen Roth, Liz Anderson, The Georgia Satellites, Waylon Jennings, Dolly Parton, Ike & Tina Turner, Hank Williams Jr., James Taylor, The Tams og k.d. lang.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Listeplasseringar | Selskap | ||
---|---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | |||
1968 | Introspect | 117 | — | — | Capitol |
1969 | Games People Play | — | — | — | |
Don't It Make You Want to Go Home? | 60 | 39 | 36 | ||
1970 | Greatest Hits | 125 | — | 88 | |
1971 | Joe South | 207 | — | — | |
Joe South Story | — | — | — | MGM | |
So the Seeds Are Growing | — | — | — | Capitol | |
1972 | A Look Inside | — | — | — | |
1975 | Midnight Rainbows | — | — | — | Island |
1976 | You're the Reason | — | — | — | Gusto |
1990 | The Best of Joe South | — | — | — | Rhino |
1999 | Retrospect: The Best of Joe South | — | — | — | Koch |
2001 | Anthology: A Mirror of His Mind | — | — | — | Raven |
2002 | Classic Masters | — | — | — | Capitol |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Listeplasseringar | Album | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US [2] |
US Country | US AC | CAN | CAN Country | CAN AC | |||
1958 | «The Purple People Eater Meets the Witch Doctor» | 47 | — | — | — | — | — | berre singlar |
1961 | «You're the Reason» | 87 | 16 | — | — | — | — | |
1968 | «Birds of a Feather» | 106 | — | — | — | — | — | Introspect |
1969 | «Games People Play» | 12 | — | — | 7 | — | — | Introspect, Games People Play |
«Birds of a Feather» | 96 | — | — | — | — | — | Introspect | |
«Leaning on You» | 104 | — | — | 69 | — | — | singel only | |
«Don't It Make You Want to Go Home» (med The Believers) | 41 | 27 | 16 | 42 | 11 | 18 | Don't It Make You Want to Go Home? | |
1970 | «Walk a Mile in My Shoes» (med The Believers) | 12 | 56 | 3 | 10 | 6 | 2 | |
«Children» | 51 | — | 32 | 33 | — | 31 | ||
«Why Does a Man Do What He Has to Do» | 118 | — | — | 47 | — | — | Joe South | |
1971 | «Fool Me» | 78 | — | — | — | — | — |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Joe South» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 52 – The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 8] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 837. ISBN 0-89820-188-8.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1940
- Døde i 2012
- USA-amerikanske countrygitaristar
- USA-amerikanske gitaristar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske songarar
- USA-amerikanske popsongarar
- USA-amerikanske plateprodusentar
- USA-amerikanske rockegitaristar
- USA-amerikanske rockesongarar
- Grammy-vinnarar
- Musikarar frå Atlanta
- USA-amerikanske studiomusikarar