Chain of Fools

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chain of Fools
Singel av Aretha Franklin
frå albumet Lady Soul
B-side «Prove It»
Utgjeve November 1967
Sjanger R&BSoulRock
Lengd 4:03
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Don Covay
Produsent Jerry Wexler[1]
Aretha Franklin-kronologi
«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman»

(1967)

Chain of Fools «(I Can't Get No) Satisfaction»

(1968)


«Chain of Fools» er ein song skriven av Don Covay. Aretha Franklin gav først ut songen på singel i 1967 og sidan på fleire av albuma sine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Covay vart beden av Jerry Wexler, produsent for Atlantic Records, om å skrive songar for Otis Redding. Han spelte då inn ein demo av «Chain of Fools», ein song han hadde skrive i ungdomen då han song gospel med brørne og systrene sine. På innspelinga song og spelte Covay gitar, og han overdubba seg sjølv med korvokal. Etter å høyrt demoen valte Wexler å gje songen til Aretha Franklin i staden for Redding.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde toppen av den amerikanske R&B-lista, og låg der i fire veker. Han klatra til andreplassen på poplista i januar 1968.[3] Han vann Grammyprisen for beste kvinnlege vokale framføring av ein R&B-song, og vart seinare innlemma i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 vart songen rangert på 249. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2010 var songen falle til 251. plass på lista.[4] Den kjende tremolo-gitaren i introen vart spelt av Joe South.[1] Songen var korta ned for album og singel og den originale, lange versjonen kom med på den kvadrofoniske plata The Best of Aretha Franklin i 1973. Konsertopptak av songen finst på albuma Aretha in Paris (1968) og VH1 Divas Live (1998, med Mariah Carey).

Musikalsk er songen merkverdig fordi han berre inneheld moll-toneart (aeolisk), og er ein av få hitsongar basert på berre ein (moll) akkord.

Enkelte har hevda at «Chain of Fools» er ei omskriving av gospelsongen «Pains of Life», spelt inn av Reverend Elijah Fair & The Sensational Gladys Davis Trio (ei lite kjend gospelgruppe frå Houston), men utan bevis på at gospelsongen vart spelt inn først, er dette berre ei gjetting.[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Lister Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Hot Rhythm & Blues 1
RPM Magazine (Can.) Top 100 4

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1969 testa den finske jazzsongaren Carola ut rhythm & blues, og spelte «Chain of Fools» på fjernsyn. Den underfundige koreografien av Heikki Värtsi omfatta ei jentegruppe som dansa og Carola som piska ein mann i ei grotte.[6]
  • I 1969 spelte jazzfløytisten Herbie Mann inn songen på albumet Memphis Underground
  • Det britiske heavy metal-bandet Tank spelte songen i 1984 på albumet Honour & Blood.
  • I 1987 song den bulgarske songaren Camellia Todorova, òg kjend som Camy Todorow, ein versjon av songen.
  • I 1989 song den spanske songaren Germán Coppini ein versjon av songen kalla «Barbazul» for det andre albumet hans, Flechas Negras.
  • Carol Grimes spelte inn songen i 1989 på albumet Why Don't They Dance.
  • «Chain of Fools» var ein av soulsongane som vart covra i den irske filmen The Commitments i 1990. Han vart sungen av dei kvinnelege songarane i bandet, «The Commitmentettes» og er òg med på filmmusikkalbumet.
  • I 1990 spelte det amerikanske hardrockbandet Little Caesar songen på debutalbumet.
  • Clint Black med The Pointer Sisters spelte songen i 1994 på albumet Rhythm, Country and Blues.
  • Ein bluesboogie-versjon av R.L. Burnside kom ut i 2000 på albumet Wish I Was in Heaven Sitting Down.[7]
  • High & Mighty gav ut songen på singel i 1999.
  • I 2000 Australian Rock artist Jimmy Barnes did a cover version of this song for his live album Soul Deeper.
  • I 2001 spelte det amerikanske rockebandet Lit ein versjon av songen på albumet Atomic, der han er bonussong.
  • I 2001 spelte det amerikanske bandet Zu songen med Eugene Chadbourne og Roy Paci på albumet Motorhellington.
  • Ein tysk versjon kalla «Schön, Schön, Schön» kom ut i 2003 av den tyske soulsongaren Stefan Gwildis.
  • I filmen School of Rock frå 2003 framfører rollefiguren Tomika (spelt av Maryam Hassan) delar av songen som ei prøvespeling for å bli korsongar i bandet. * Fantasia Barrino song songen på American Idol 3 (2004) og gav seinare ut ein studioversjon på debutsingelen «I Believe»[8]
  • Joe Cocker spelte inn songen i 2004 på albumet Heart & Soul
  • I 2005 kom «Chain of Fools: Revisited» ut på albumet Timeless Playground av Milto Eph.
  • Dei brasilianske songarane Pitty og Negra Li spelte inn songen i 2007 på EP-en Estúdio Coca-Cola - Pitty e Negra Li
  • Ein versjon av Eva Cassidy kom ut i 2008 på albumet Somewhere.
  • Nicole Scherzinger sampla «Chain of Fools» i New Kids on the Block-songen «Grown Man» på albumet frå 2008, The Block.
  • Jean Shy og bandet hennar The Shy Guys framførte og spelte inn eit konsertopptak av songen under ein friluftskonsert i Duisburg i Tyskland. Han vart gjeven ut på albumet Unchain My Heart.
  • Ein versjon av songen vart laga for videospelet Karaoke Revolution i 2009.
  • Richard Marx spelte songen på ein konsert.
  • Songen er blitt spelt av Gabby Kenny.
  • The Chopsticks (ein kvinneleg duo frå Hong Kong med Sandra Lang), spelte ein medley av songen med «Sunny»、«Gimme Little Sign» & «Uptight (Everything's Alright)» i 1971 på albumet All Of A Sudden.
  • I 1993 spelte den italienske songaren Giorgia inn eit konsertopptak av songen.
  • I 2012 spelte Christine Anu songen på albumet Rewind: The Aretha Franklin Songbook.
  • I 2015 vart «Chain of Fools» framført av den italienske songaren Luca Ronka på albumet Soul Man[9]
  • Songen vart spelt av John Verity i 2016 på albumet My Religion

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 52 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 8] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Ed Hogan (1967-06-23). «Chain of Fools - Aretha Franklin | Song Info». AllMusic. Henta 27. juli 2017. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 215. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 27. juli 2017. 
  5. «Chain of Fools». thebluze. Henta 27. juli 2017. 
  6. «Carolaa seitsemällä kielellä | Elävä arkisto». Yle.fi (på finsk). Henta 27. juli 2017. 
  7. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2014-11-02. Henta 2014-11-01. 
  8. «Fantasia (4) – I Believe (CD)». Discogs. Henta June 14, 2012. 
  9. «Soul Man - EP di Luca Ronka su Apple Music». Itunes.apple.com. 2015-04-24. Henta 27. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Aretha Franklin