Johan Ludvig Emil Dreyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Ludvig Emil Dreyer
John Dreyer.gif
Fødd13. februar 1852
København
Død14. september 1926
Oxford
NasjonalitetDanmark
Områdeastronomi
Yrkeastronom, biograf
InstitusjonarArmagh Observatory
MedlemDet Kongelige Danske Videnskabernes Selskab

Johan Ludvig Emil Dreyer (13. februar 185214. september 1926) var ein dansk-irsk astronom.[1][2]

Dreyer arbeidde hovudsakleg innafor to område: observasjon og katalogisering av tåker og stjernehoper, og astronomihistorie. I 1888 gav han ut New General Catalogue of Nebulae and Clusters of Stars (posisjon for 7840 tåker og stjernehopar) som, saman med to supplement (1895 og 1908), enno er eit uunnværleg hjelpemiddel ved alle observatorium. Han redigerte og gav ut dei vitskaplege arbeida og korrespondansane til Tyge Brahe (på latin i 15 store bind), og skreiv i 1890 ein av dei mest kjende bøkene om astronomihistorie, History of the Planetary System from Thales to Kepler (utgjeven på ny i 1953, under tittelen History of Astronomy from Thales to Kepler).

Dreyer var direktør for Armagh observatorium i Nord-Irland frå 1882 til 1916.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «obit. Dr. J. L. E. Dreyer». Nature 118 (2969): 454–455. 25. september 1926. Bibcode:1926Natur.118..454.. doi:10.1038/118454a0. 
  2. «DREYER, John Louis Emil». Who's Who, 59: p. 508. 1907.