Johan Vestly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Vestly
Fødd 24. november 1923
Død

28. november 1993

Yrke illustratør, kunstmålar
Anne Cath. og Johan Vestly med barna sine.

Johan Vestly (24. november 192328. november 1993) var ein norsk biletkunstnar fødd i Oslo. Han studerte ved teiknelinja på Statens kunsthandverks- og industriskule, på Bjarne Engebrets malerskole, var elev hos Erling Merton, og studerte i Paris.

Johan Vestly debuterte på haustutstillinga i 1947, og stod mellom anna for teaterdekorasjonar til Studioteateret, Oslo Nye Teater og Riksteateret. Han samarbeida mykje med kona si, Anne-Cath. Vestly. Dei laga programma om Kanutten saman, og han illustrerte dei fleste barnebøkene hennar. Den første boka han illustrerte var Ole Aleksander Filibom-bom-bom frå 1953.

Vestly fekk Kirke- og undervisningsdepartementet sin premie for illustrasjonar for arbeidet sitt med Guro og nøkkerosene i 1977. Han illustrerte òg nokre av Alf Prøysen sine utgjevingar, og laga fleire dokumentarfilmar.

Johan og Anne-Cath. Vestly fekk to søner, Jo og Håkon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]