Johannes Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Dale
Fødd1890
Død1980 (90 år)
Verka somkomponist

Johannes Dahle (18901980) var ein norsk spelemann frå Tinn. Han var soneson av spelemannen Knut Dahle, og bror av spelemannen Gunnar Dahle.

Johannes levde største delen av livet i Atrå, der han var tilsett ved jernbanen i Tinn. Han lærte meste av spelet sitt frå bestefaren Knut, og førte vidare den gamle spel-tradisjonen etter Håvard Gibøen. Spelet til Johannes Dahle var reinskore, og fylt med likringar og blåtonar. Spelet hans vart ført vidare av spelemenn som Olav Øyaland og Einar Løndal. Hauk Buen lærde og ein god del av slåttane hans Johannes.

Johannes Dahle var rekna som ein særs påliteleg kjelde til gamalt spel, og er difor den med flest nedteikningar i hardingfeleverket, heile 126 slåttenedskrifter. Han var ein smålåten kar, som åtte stor vørdnad i spel-miljøet. Johannes Dahle fekk Kongens fortenestemedalje i gull.

Tonalitet[endre | endre wikiteksten]

Spelet til Johannes Dale var særmerkt av ei alderdommeleg tonekjensle. Dette gav spelet hans ein eigenarta dåm. Dette tonale preget er rekna som eit døme på ein gamal spelestil, sjølv om voksrullopptak med Knut Dale peikar mot at Johannes kan ha teke meir ekstreme tonale val enn jamvel bestefaren. Eivind Groven påpeika at denne tonekjensla var typisk for spelet etter Håvard Gibøen, som var kjelde til mange av slåttane Johannes spela. Når han spela slåttar etter Myllarguten, heldt han seg nærare dur-tonalitet.[1]

Dette trekket ved spelet til Johannes Dale førte til at det tok tid før han vart spela i NRK. Programsekretær Rolf Myklebust let han ikkje sleppe til før om lag 1960, men gav etter på grunn av eit sterkt krav frå Tinn. Mykje av tilfanget etter Johannes vart difor ikkje spela inn før om lag 1961. I dag er det vel Olav Øyaland som har halde best fast på dette stildraget i Dale-spelet.

Slåttar Johannes Dahle har dikta[endre | endre wikiteksten]

  • Jutuldans, nr 174. Gangar i 6/8-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten er inspirert av eit bilete måla av Aslak Sandestølen, som syner ein trollkjerring og eit troll som dansar medan eit anna spelar.
  • Gro, nr 204. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten er kalla opp etter Gro Brekke, som var god ven av Johannes, og ein god dansar.
  • Uppi Fjellet, nr 205. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten vart til på 1950-talet.
  • Uppå Gaustafjell, nr 206. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Inspirert av Gaustatoppen.
  • Kopusteinen, nr 207. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Kopusteinen er ein stein med ti Skålgropar i, som nok har vore i kultisk bruk i bronsealderen. Steinen ligg mellom gardane Nedre Gjøysdal og Asland.
  • Tåkatind, nr 208. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Tåkatind var ein hingst som var svær til å "halde kustus på hoppene" under eit stemne Johannes var med på. Johannes vart beden om å laga ein galopp, og slåtten voks til ein halling, som vart kalla opp etter hesten.
  • Tusseslåtten, nr 209. Gangar i 2/4-takt. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Det kom ein kar til Johannes og spurde om han kunne spela «tusseslåtten». Johannes svara: «Nei, e he kje nokon som heite dæ, men e fær låga ein da» (etter Knut Buen).
  • På Møsstrond, nr 627. Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1977.
  • Den beste, nr 628. Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1977.
  • Nordmanns-slepa, nr 629. Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Det var utlyst ein konkurranse der fleire spelemenn skulle dikte slåttar til Nordmanns-slepa, og Johannes vann. Kjetil Løndal kom på andreplass.
  • Kongen, nr 630. Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Laga etter at Johannes fekk Kongens fortenestemedalje. Kalla opp etter kong Olav V.
  • Frå Tuddal til Tinn, nr 631. Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten knyter seg til eit minne om ferda attende til Tinn etter ein kappleik i Tuddal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå Eivind Grovens artikkel: Myllar-spel og Haavard-spel, prenta i Rikard Berges bok: Myllarguten; Gibøen, utg. 1998.