John Bettis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Bettis
Fødd24. oktober 1946 (73 år)
FødestadLong Beach
FødenamnJohn Bettis
OpphavLong Beach, California
Aktiv1967 til i dag
SjangerPop, rock, rhythm and blues, adult contemporary
Instrumentbanjo
Tilknytte artistarThe Carpenters, Michael Jackson, Madonna, Peabo Bryson, Whitney Houston
Verka somTekstforfattar

John Bettis (fødd 24. oktober 1946) er ein USA-amerikansk tekstforfattar som har skrive tekst til mange kjende popsongar. I 2011 vart han innlemma i Songwriters Hall of Fame og Nashville Songwriters Hall of Fame.

Han var opphavleg ein del av bandet Spectrum, i lag med Richard og Karen Carpenter. Han skreiv teksten til «Top of the World», ein stor hit for både Lynn Anderson og The Carpenters. Han skreiv fleire tekstar for The Carpenters, som «Only Yesterday», «Goodbye to Love» og «Yesterday Once More». Han skreiv seinare hittar for andre artistar som MadonnaCrazy for You»), Michael JacksonHuman Nature»), The Pointer Sisters ("Slow Hand»), Diana RossWhen You Tell Me That You Love Me»), Jennifer WarnesNights Are Forever»), Peabo BrysonCan You Stop the Rain»), George StraitHeartland»), Ronnie MilsapOnly One Love in My Life») og Barbara Mandrell («One of a Kind Pair of Fools»).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «John Bettis». biography. emimusicpub.com. Henta 3. februar 2015.