Top of the World av The Carpenters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Top of the World
Singel av The Carpenters
frå albumet A Song for You
B-side «Heather»
Utgjeve 17. september 1973
Innspelt 1972
Sjanger Countrypop
Lengd 2:56
Selskap A&M
1468
Låtskrivar(ar) Richard Carpenter; John Bettis
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi
«Yesterday Once More»
(1973)
Top of the World «Jambalaya (On the Bayou)»
(1974)


«Top of the World» er ein song frå 1972 av The Carpenters. Han vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av duoen i 1972 på albumet A Song for You. Singelen toppa Billboard Hot 100-lista i USA seint i 1973 og vart den andre av tre nummer-ein-singlar for duoen, etter «(They Long to Be) Close to You» og før «Please Mr. Postman.» Opphavleg var songen berre meint for albumet, men countrysongaren Lynn Anderson spelte inn songen og var den første som gav han ut på singel. Versjonen hennar nådde andreplassen av countrylista i USA. Karen Carpenter spelte inn songen på ny for det første samlealbumet til duoen, sidan ho ikkje var heilt nøgd med originalinnspelinga.

I Japan vart songen nytta som kjenningsmelodi for den japanske dramaserien Miseinen i 1995. Han er òg nytta i filmen Shrek Forever After i 2010.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canadian RPM Singlar 1
Nederland Mega Single Top 100[1] 12
Tyskland Media Control Charts[2] 38
Irish Singles Charts 3
Japan Oricon singelliste 21
Record World 3
UK Singles Chart 5
Ultratop Flandern[3] 27
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Easy Listening 2

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Þuríður Sigurðardóttir, Vikingarna (på svensk som «På världens tak» i 1974, den første songen deira som nådde toppen av Svensktoppen[4]), Claude Valade (på fransk som «Au bout du monde», Ami Aspelund (på finsk), , Mark O'Connor, [Stikky]], Dana Winner, The Sugarcubes, Shonen Knife, Bourbon Gautier, Naomi & Goro, Mona Gustafsson og Me First and the Gimme Gimmes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carpenters - Top Of The World (in Dutch). dutchcharts.nl. Henta 27. november 2013.
  2. Single - Carpenters, Top Of The World (in German). charts.de. Henta 27. november 2013.
  3. Carpenters - Top Of The World (in Dutch). ultratop.be/nl. Henta 27. november 2013.
  4. Svensktoppen - 1974

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]