John Cage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Cage
John Cage (1988).jpg
Fødd 5. september 1912
Los Angeles
Død

12. august 1992
New York by

John Cage på Commons

John Milton Cage Sr. (5. september 191212. august 1992) var ein amerikansk komponist, filosof, poet, musikkteoretikar, kunstnar, samt amatørmykologist og soppsamlar. Som pioner innanfor aleatorisk musikk, elektronisk musikk og ikkje-standardisert bruk av musikkinstrument, var Cage ein av dei fremste skikkelsane innan etterkrigs-avantgarden. Kritikarar har halde han fram som ein av dei viktigaste amerikanske komponistane i det 20. hundreåret.

I det offentlege var det komposisjonen «4'33"» (1952) som fekk mest merksemd, av den grunn at det i løpet av tre satsar ikkje blir spelt ei einaste note — det er lyden som elles blir skapt i konsertlokalet som er komposisjonen. Med det stilte Cage spørsmålet om kva musikk eigentleg er, og kan vera. Cage introduserte òg preparert piano, der han la eller festa gjenstandar på strengene på pianoet. For denne instrumentvarianten skreiv Cage blant anna Sonatas and Interludes (1946-48).

Cage hadde banebrytande lærarar som Henry Cowell (1933) og Arnold Schönberg (1933–35), men det var likevel frå ulike austlege kulturar at han henta inspirasjon. Gjennom studium av indisk filosofi og zen-buddhisme i 1940-åra, fekk han inspirasjon til å skrive aleatorisk – tilfeldig – musikk. Yijing, eit 2800 år gammalt kinesisk spådomsverk, blei etter dette det vanlegaste komposisjonsverktøyet til Cage. I førelesinga Experimental Music frå 1957 karakteriserer han musikk som «ein meiningslaus leik», og meiner at musikken verken skaper orden i kaos eller initierer forbetringar, men snarare bevisstgjer menneska på det livet dei faktisk lever.

Cage blei vald inn i American Academy of Arts and Sciences i 1978. I 1981 blei han tildelt New York Mayor's Award of Honor for Arts and Culture og i 1982 blei han utnemnd til Commandeur de l'Ordre des Arts et des Lettres av den franske staten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allan Kozinn (13. august 1992), «John Cage, 79, a Minimalist Enchanted With Sound, Dies», The New York Times