Hopp til innhald

John Curulewski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Curulewski

Fødd3. oktober 1950(1950-10-03)
FødestadChicago i USA
Død13. februar 1988 (37 år)
DødsstadMidlothian
OpphavUSA
Aktiv1968–1975
SjangerRock, progressiv rock, hardrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarStyx, Spread Eagle, Arctic Fox
PlateselskapWooden Nickel, A&M
Verka somMusikar

John Curulewski (3. oktober 195013. februar 1988) var ein USA-amerikansk musikar som var originalt medlem i rockegruppa Styx.

I 1969 vart Curulewski med i det Chicago-baserte bandet TW4, med venene Dennis DeYoung, Chuck Panozzo og John Panozzo. Gruppa utvikla seg til å bli Styx innan 1972.[1] Curulewski spelte gitar og stundom song på dei første fem studioalbuma deira frå 1972 til 1975.[2] Like etter innspelinga av albumet Equinox i 1975, slutta Curulewski i Styx for å bruke meir tid med familien, og vart erstatta av Tommy Shaw.[3]

Etter karrieren med Styx vart Curulewski gitarlærar i Chicago-området og spelte stundom med lokale band. Han døydde 13. februar 1988 av ein hjerneaneurisme. Han etterlet seg kone og ein son.[4]

  1. Kogan, Rick. «Giving up the ghosts». chicagotribune.com (på engelsk). Henta 3. juni 2020. 
  2. «Styx | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 3. juni 2020. 
  3. «Equinox - Styx | Songs, Reviews, Credits». AllMusic (på engelsk). Henta 3. juni 2020. 
  4. 1 (26. desember 2015). «Buried Here - John Curulewski, Original Member And Guitarist For «Styx»». History Of Rock Music (på engelsk). Henta 3. juni 2020.