Cornerstone av Styx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornerstone
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 19. oktober 1979
Innspelt 1979
Studio Pumpkin Studios, Oak Lawn, Illinois
Sjanger Rock
Lengd 38:17
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
Pieces of Eight
(1978)
Cornerstone Paradise Theatre
(1981)


Singlar frå Cornerstone
  1. «Babe»
    Utgjeve: September 1979
  2. «Why Me»
    Utgjeve: Januar 1980
  3. «Boat on the River»
    Utgjeve: 16. mars 1980
  4. «Borrowed Time»
    Utgjeve: 1980
  5. «Lights»
    Utgjeve: 1980
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars [1]
Rolling Stone(mixed) [2]
The Rolling Stone Album Guide1.5/5 stars [3]

Cornerstone er det niande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Styx, gjeve ut i 1979. Det var det tredje albumet deira på rad som selte til platinaplate i USA og var det einaste albumet dei vart nominert til ein Grammypris for i kategorien beste rockesong av ein duo eller ei gruppe.[4] Som dei fire førre albuma, produserte Styx albumet sjølv. Albumet vart spelt inn i Pumpkin Studios i Oak Lawn i Illinois.

Cornerstone er mest kjend for å innehalde den einaste singelen deira som gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista, powerballaden «Babe».[5] Albumet inneheld òg folkrocksongen «Boat on the River», som vart ein hit i Europa,[6][7] men gjekk ikkje inn på lista i USA.

Cornerstone vart det første av albuma til Styx som nådde topp 5 på albumlista i USA, då det nådde andreplassen på Billboard 200-lista.[8]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet representerte ein musikalsk overgang for Styx, sidan bandet la meir vekt på ein popstil enn den progressive rocken som hadde dominert dei tidlegare albuma deira.[9] Albumet nådde andreplassen i USA og var det høgasteplasseringa dei oppnådde fram til etterkomaren Paradise Theatre i 1981 gjekk heilt til topps.[8]

Mange av songane på Cornerstone er skrivne av Dennis DeYoung og Tommy Shaw—fem av ni songar.

Den første singelen frå albumet var «Babe», skriven av De Young som ei gebursdagsgåve til kona Suzanne. Songen gjekk til topps på den amerikanske singellista.[10] Songen vart først framført og spelt inn som ein demo av berre han og Panozzo-brørne, men sjefar i A&M høyrde sporet og insisterte å ta han med på albumet.[10] Shaw la til ein gitarsolo i den midtre delen av songen.[10]

«First Time» var ein annan powerballade skriven av DeYoung, og var meint å bli den andre singelen frå Cornerstone, men Shaw var uroa for at det ville framandgjere hardrockfansen deira om dei gav ut to balladar på rad. Han kjende så sterkt på dette at han truga med å slutte bandet.[9] Den livlige songen «Why Me», òg denne av DeYoung, vart vald ut i staden og nådde 26. plassen på singellista.[11] Kranglinga dette medførte var sterk nok til at DeYoung ei kort stund fekk sparken frå bandet, men han vart invitert attende før det nådde pressa.[12][13]

Det største bidraget til Shaw på albumet var den viseaktige «Boat on the River», som vart den største hitten deira i Europa.[6] Shaw skreiv òg poprocksongen «Never Say Never,» opningssporet «Lights» i lag med DeYoung, den meir progressive «Love in the Midnight» og «Borrowed Time», som òg var skriven i lag med DeYoung.

James Young skreiv éin song på albumet, hardrocksongen «Eddie», som var retta mot Edward Kennedy, der han bad han om å ikkje prøve å bli president i USA. Young brukte ein gitarsynthesizer på solopartiet.

Instrumentalt gjekk musikken meir i ei pop- og organisk retning.[9] DeYoung brukte eit Fender Rhodes elektrisk piano på over halvparten av songane, og gruppa brukte verkelege blåsarar og strykarar på fleire av songane. Sjølv om albumet selde godt, synte Cornerstone dei første spora av at det kollektive, kunstnariske synet til gruppa var byrja å slå sprekker, og førte etter kvart til at Styx vart oppløyst etter albumet Kilroy Was Here i 1983.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Lights»Shaw, DeYoungShaw4:38
2.«Why Me»DeYoungDeYoung3:54
3.«Babe»DeYoungDeYoung4:25
4.«Never Say Never»ShawShaw3:08
5.«Boat on the River»ShawShaw3:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
6.«Borrowed Time»DeYoung, ShawDeYoung4:58
7.«First Time»DeYoungDeYoung4:25
8.«Eddie»YoungYoung4:15
9.«Love in the Midnight»ShawShaw5:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Styx[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Steve Eisen – saksofon på «Why Me»
  • Arnie Roth – strykarar på «First Time» og «Love in the Midnight»
  • Ed Tossing – horn

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Styx
  • Lydteknikarar: Rob Kingsland, Gary Loizzo
  • Blåsararrangement: Ed Tossing
  • Strykararrangement: Arnie Roth
  • Design: Mick Haggerty
  • Fotografi: Aaron Rapoport
  • Mastering: Ted Jensen

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1979 Billboard 200 2

Singles

År Singel Liste Plassering
1979 «Babe» Billboard Hot 100 1
1980 «Borrowed Time» 63
«Why Me» 26
«Boat on the River» Tyske singlar 5
Sveitsiske singlar 1
Lights Tyske singlar 35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DeGagne, Mike. Cornerstone av StyxAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. Rolling Stone album review by David Fricke (13.12.1979): Styx - Cornerstone (1979), arkivert frå originalen 5. mai 2016, henta 5. juni 2020 
  3. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.» 
  4. «Styx». GRAMMY.com (på engelsk). 4. juni 2019. Henta 5. juni 2020. 
  5. «1979 Archive». Billboard. Henta 5. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Styx - Boat On The River - hitparade.ch». www.swisscharts.com. Henta 5. juni 2020. 
  7. «Offizielle Deutsche Charts - Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Henta 5. juni 2020. 
  8. 8,0 8,1 «Top 200 Albums | Billboard 200 chart». Billboard. Henta 5. juni 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Classic Rock (6. februar 2016), Styx- Behind The Music (Full Documentary), henta 5. juni 2020 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Dennis DeYoung navigated Styx into classic rock history». Naples Daily News (på engelsk). Henta 5. juni 2020. 
  11. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: 8th Edition. Record Research. s. 611. 
  12. «Hard Rock bio on Styx». Arkivert frå originalen 27. april 2006. Henta 5. juni 2020. 
  13. VH-1: Behind the Music Remastered