Lady av Styx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lady
Singel av Styx
frå albumet Styx II
B-side

Children of the Land

Utgjeve 1973
Innspelt Seint 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:58
Selskap Wooden Nickel Records / RCA Records
Låtskrivar(ar) Dennis DeYoung
Produsent John Ryan
Styx-kronologi
«Best Thing»
(1972)
Lady «You Need Love»
(1975)


«Lady» er ein song skriven og framført av rockebandet Styx frå 1973. Han vart først gjeven ut på Styx II og vart ein lokal hit i heimbyen deira Chicago, men gjekk ikkje i starten inn på dei nasjonale listene. Songen fekk ny suksess kort tid etter at Styx forlet Wooden Nickel Records til fordel for A&M Records i 1974 då han slo gjennom nasjonalt,[1] og klatra til slutt til sjetteplassen på Billboard Hot 100 i mars 1975. Powerballaden[2] vart seinare spelt inn på ny i 1995 for samleplata Greatest Hits på grunn av ein kontraktsstrid mellom A&M og Wooden Nickel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Lady» vart skriven av Dennis DeYoung for kona si, Suzanne Feusi, den første songen han skreiv til ho.[3]

Dette er den einaste songen frå dei fire Wooden Nickel-albuma deira som framleis vert spelt på konsertane deira.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia KMR 23
Canada RPM 19
New Zealand 17
Sør-Afrika (Springbok)[4] 3
U.S. Billboard Hot 100 [5] 6
U.S. Cash Box Top 100 [6] 6

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canada [7] 148
Sør-Afrika [8] 15
U.S. Billboard Hot 100 [9] 60
U.S. Cash Box [10] 30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lady '95[endre | endre wikiteksten]

Lady '95
Song av Styx
frå albumet Styx: Greatest Hits
Utgjeve 1995
Innspelt 1995
Sjanger Hardrock, progressiv rock, Rock
Lengd 3:05
Selskap A&M Records
Låtskrivar(ar) Dennis DeYoung
Produsent Dennis DeYoung

Lady '95 er ei nyinnspeling frå 1995 som Styx gjorde av songen frå 1973. Han vart spelt inn på ny på grunn av ein strid mellom plateselskapa A&M Records og Wooden Nickel Records. Denne versjonen finst berre på A&M-samlinga Styx: Greatest Hits, som songen vart spelt inn for.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre media[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt brukt i forskjellige TV-program, inkludert episodar av It's Always Sunny in Philadelphia, Freaks and Geeks, The Office og Still Standing. Han er òg blitt nytta i filmar som The Perfect Man, Old School og Underdog.

Homer Simpson, som Odyssevs, syng denne songen når han kryssar elva Styx i ein episode av The Simpsons.

Dennis DeYoung song songen med Hal Sparks i 2006 på TV-showet Celebrity Duets.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Styx at the 2010 Great Jones County Fair Arkivert 2010-09-24 ved Wayback Machine.
  2. «The 40 Greatest Power Ballads». 
  3. As stated by DeYoung on the 2004 album The Music of Styx--Live with Symphony Orchestra.
  4. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 3. juni 2020. 
  5. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  6. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2015-06-20. Henta 3. juni 2020. 
  7. «Archived copy». Arkivert frå originalen 1. juni 2020. Henta 3. juni 2020. 
  8. «Top 20 Hit Singles of 1975». Henta 2. september 2018. 
  9. [1]
  10. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2016-10-22. Henta 3. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]