The Serpent Is Rising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Serpent Is Rising
Studioalbum av Styx
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt 1973
Studio Paragon Recording Studios i Chicago; St. James Cathedral i Chicago
Sjanger
Lengd 40:07
Selskap Wooden Nickel
Produsent Styx, Barry Mraz
Styx-kronologi
Styx II
(1973)
The Serpent Is Rising Man of Miracles
(1974)


Singlar frå The Serpent Is Rising
  1. «Winner Take All»
    Utgjeve: 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
The Rolling Stone Album Guide1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]

The Serpent Is Rising er det tredje studioalbumet til det amerikanske bandet Styx, gjeve ut i oktober 1973, berre tre månader etter det førre albumet deira, Styx II i juli 1973.

Albumet kom ut på ny i 1980 med nytt plateomslag og ein ny tittel, Serpent.[3]

Albumet nådde 192. plassen på Billboard 200 i USa, den nest lågaste plasseringa deira, og har fram til 2007 selt færre enn 100 000 eksemplar verda over.[4]

Songar og mottaking[endre | endre wikiteksten]

The Serpent Is Rising er skildra som eit vagt konseptalbum med fleire seksuelle antydingar. Den barokk-prog-aktige «The Grove of Eglantine» (skriven av DeYoung) handla om vaginaen til ei kvinne. Songen har noko cembalo og trekkspel, for å gje han ein britisk eller europeisk stil.

Den progaktige tittelsporet var skriven av John Curulewski. Musikalsk har han ein smak av King Crimson, særskild debutalbumet deira.

«Krakatoa» av Curulewski vart kalla opp etter vulkanutbrotet med same namn i 1883 og består av skrikande ord. Han sluttar med ein glissando som var henta frå ein Beaver and Krause-song kalla «Spaced» frå 1970, som dei vart kreditert for på albumet. Songen vart seinare nytta i eit lydklipp for THX kalla Deep Note. [5]

Den akustiske og bluesaktige songen «As Bad as This» av Curulewski har eit løynd spor kalla «Plexiglas Toilet», som var ein komisk calypso om ein gut som sit på eit toalett av plexiglas og har problem. Sporet består berre av Curulewski og Panozzo-brørne. Songen vart spelt på radioshowet til Dr. Demento og «Weird Al» Yankovic skal visstnok elske songen.[6]

Albumet inneheld òg rockesongar av James Young, «Witch Wolf» og «Young Man», den livlige «Winner Take All» (skriven av DeYoung og sungen av Young) og boogie-woogie-songen «22 Years» (skriven av Curulewski, men sungen som ein duett av DeYoung og Young). I avslutninga for denne songen spelar produsenten og sjefen i Wooden Nickel Records, Bill Traut saksofon.

Progrocksongen «Jonas Psalter» var skriven av DeYoung og sungen av Young. Teksten omhandlar sjørøvarar. Musikalsk har han element av progstilen til Yes og det vert nytta Moog Synthesizer.

Albumet avsluttar med Handel sin Hallelujah der alle bandmedlemmane syng og DeYoung spelar på kyrkjeorgelet i domkyrkja i Chicago.

Styx rekna The Serpent Is Rising som den verste innspelinga deira. Dennis DeYoung har sagt at det var «ei av dei verste innspelingane og produksjonane i musikkhistoria.»[7][8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Witch Wolf»James Young, Ray BrandleYoung3:57
2.«The Grove of Eglantine»Dennis DeYoungDeYoung5:00
3.«Young Man»J. Young, Richard YoungYoung4:45
4.«As Bad as This»
  • a. «As Bad as This»
  • b. «Plexiglas Toilet»» (b er eit løynd spor)
John CurulewskiCurulewski6:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Winner Take All»DeYoung, Charles LofranoYoung3:10
2.«22 Years»CurulewskiDeYoung, Young3:39
3.«Jonas Psalter»DeYoungYoung4:41
4.«The Serpent Is Rising»Curulewski, LofranoCurulewski4:55
5.«Krakatoa»Curulewski, Paul Beaver, Bernard L. KrauseCurulewski1:36
6.«Hallelujah Chorus» (frå George Friderich Händel sin Messias)HandelDeYoung, Young, Curulewski, C. Panozzo, J. Panozzo2:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Styx[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bill Traut – saksofon på «22 Years»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: Styx, Barry Mraz
  • Lydteknikar: Barry Mraz
  • Plateomslag: Dennis Pohl

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1974 Pop Albums 192

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. The Serpent Is RisingAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. 
  3. «Styx - Serpent». Discogs (på engelsk). Henta 3. juni 2020. 
  4. Harrigan, Brian (1980). H.M.-- A-Z (på engelsk). Bobcat Books. s. 74. ISBN 9780860019282. 
  5. «THX logo theme song... an observation?». Steve Hoffman Music Forums. 30. mai 2017. Henta 3. juni 2020. 
  6. «'Weird Al': 5 Songs to Scare the Neighbors». Rolling Stone. 16. mars 2016. Henta 3. juni 2020. 
  7. Koch, Bob (8. januar 2011). «Vinyl Cave: «The Serpent is Rising» by Styx». Isthmus, Madison, Wisconsin (på engelsk). Henta 3. juni 2020. 
  8. Whitaker, Sterling (2006). The Grand Delusion: The Unauthorized True Story of Styx (på engelsk). S. Whitaker. s. 142. ISBN 9781419653537. Henta 3. juni 2020.