The Searchers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Searchers
The Searchers (1965).jpg
The Searchers, kring 1965
OpphavLiverpool i England
AktivSidan 1959
SjangerMerseybeat, pop, rock, britisk rock and roll
Tilknytte artistarMike Pender's Searchers
PlateselskapUK Pye, Philips, Liberty, RCA, Sire; US Mercury, Liberty, Kapp, RCA, Sire
MedlemmerJohn McNally
Frank Allen
Spencer James
Scott Ottaway
Tidlegare medlemmerTony Jackson
Mike Pender
Chris Curtis
Billy Adamson
John Blunt
Norman McGarry
Eddie Rothe

The Searchers er ei engelsk beatgruppe, som dukka opp i Merseybeat-miljøet i 1960-åra i lag med The Beatles, The Hollies, The Fourmost, The Merseybeats, The Swinging Blue Jeans og Gerry and the Pacemakers.

Blant hittane bandet fekk finn ein The Drifters si «Sweets for My Sweet», nyinnspelingar av Jackie DeShannon sine «Needles and Pins» og «When You Walk in the Room», den originale songen «Sugar and Spice»; ein versjon av The Orlons sin «Don't Throw Your Love Away» og ein versjon av The Clovers sin «Love Potion No. 9». The Searchers kjempa mot The Swinging Blue Jeans om å bli den andre gruppa frå Liverpool, etter The Beatles, til å få ein hit i USA då deira «Needles and Pins» og The Swinging Blue Jeans sin «Hippy Hippy Shake» begge nådde Hot 100 i USA den 7. mars 1964.

Bandhistorie[endre | endre wikiteksten]

The Searchers vart skipa i 1957 av John McNally (gitar og vokal) som ein av dei mange tusen skifflegruppene som oppstod etter Lonnie Donegan sin suksess med «Rock Island Line». The Searchers konkurrerte etter kort tid med band som The Wreckers og The Confederates, begge leia av Michael Pender (gitar og vokal), og The Martinis, leia av Tony Jackson (gitar og vokal). Innan 1959 arbeidde McNally og Pender i lag som ein duett og seinare på året kom Jackson med i bandet som solovokalist. Etter at trommeslagaren Norman McGarry slutta i The Searchers vart han erstatta av Chris Crummy, som gav seg sjølv kallenamnet Chris Curtis. Andre endringar låg i korta då Jackoson bygde seg og lærte seg å spele ein bassgitar. Det vart for vanskeleg for han å spele bass og syngje samstundes, og McNally og Pender henta inn eit femte medlem, Johnny Sandon (fødd Billy Beck).[1] Johnny Sandon & The Searchers varte frå 1960 til februar 1962 og var ekstremt populær kring Liverpool. Sandon slutta for å satse på ein solokarriere med eit anna band kalla The Remo Four tidleg i 1962.

The Searchers var no ein kvartett med Jackson attende som songar og vart eit av dei mest populære banda i Liverpool. Dei spelte amerikansk R&B, rock and roll, country, soul og rockabilly. Gruppa fekk kontrakt med Pye Records i midten av 1963 og den første singelen deira, ein cover av The Drifters sin «Sweets for My Sweet», kom ut i august det året og gjekk heilt til topps på den britiske singellista.[1] Etter kvart som The Beatles rykte i frå alle andre, klarte The Searchers å nå toppen av hitlista med to av dei tre neste singlane sine, «Needles and Pins» og «Don't Throw Your Love Away». Ein annan singel, «Sugar and Spice», skriven av produsenten deira Tony Hatch under pseudonymet Fred Nightingale, nådde andreplassen på hitlista.[1] I løpet av dei neste ni månadane staka bandet ut ein stil som var ein av dei mest særprega blant fleire hundre band i rockemiljøet.[1] Musikken deira bygde på ein klår 12-strengsgitar i lag med ein sterk vokal og forsiktig og stundom utsøkt harmonivokal, slik at dei med stil kunne spele inn coverversjonar av amerikanske R&B-standardar som «Love Potion No. 9» eller Phil Spector-songar som «Be My Baby». I 1964 spelte dei mellom anna folkrock før dette omgrepet var blitt teken i bruk i pressa med ein versjon av Malvina Reynolds og «What Have They Done to the Rain». Lyden av 12-strengsgitaren vart etter kort tid ein viktig del av suksessen til The Byrds, som til og med omgjorde gitarriffet i «Needles and Pins» til hovudriffet i «Feel a Whole Lot Better».[1]

Med fleire singlar i toppen av hitlista og det tredje albumet deira kom ut på berre ni månader, vart det annonsert i juli 1964 at Tony Jackoson slutta i The Searchers for å skipe sitt eige band, og skulle erstattast av Frank Allen, som hadde spelt bass med Cliff Bennett & The Rebel Rousers. Vendepunktet for bandet kom i 1965 då fascinasjonen for Liverpool-stilen, både i heimlandet og internasjonalt, byrja å dale. The Searchers byrja å spele coverversjonar innan andre stilartar og skreiv ein eigen hit, med Curtis og Pender sin «He's Got No Love». I byrjinga av 1966 var det ei stund sidan bandet hadde hatt ein hit, og Chris Curtis slutta i bandet, og hevda at han var lei av det harde turnélivet.[1] The Searchers, med Johnny Blunt på trommer, heldt fram og fekk ein siste hit, «Have You Ever Loved Somebody», som så vidt nådde Topp 50 på hitlista i oktober 1966. Gruppa fortsette å spele på klubbar og kabaretar i England og Europa. Blunt slutta mot slutten av 1960-talet og vart erstatta av Billy Adamson, og denne besetninga bestod fram til midten av 1980-åra, og heldt konsertar 35 veker i året gjennom Europa, og stundom USA. I 1972 spelte bandet inn eit album for britiske RCA.

Mot slutten av 1970-åra fekk dei kontrakt hos Seymour Stein hos Sire Records for to album. Desse platene, The Searchers og Love's Melodies, fekk ganske god kritikk.[1] Dei spelte så inn ei rekkje songar for det orignale selskapet sitt, Pye Records, tidleg i 1980-åra. I 1985, etter å ha spelt i lag i 26 år, gjekk Pender og McNally kvar sin veg. McNally fortsette med The Searchers (med Adamson og Allen, og med Spencer James på andregitar og vokal), medan Pender skipa Mike Pender's Searchers, som bestod av Chris Black (gitar og vokal), Barry Cowell (bass og vokal) og Steve Carlyle (trommer og vokal). The Searchers under McNally spelte stundom inn musikk, og gav ut det siste albumet sitt, Hungry Hearts, i 1989. Dei to versjonane av The Searchers turnerte utover i 2010-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

  • 1963 – Meet The Searchers
  • 1963 – Sugar and Spice
  • 1964 – Hear Hear! (U.S.)
  • 1964 – It's The Searchers
  • 1964 – Sounds Like Searchers (U.K.) / The New Searchers LP (Chris, John, Mike, & Frank) (U.S.)
  • 1964 – This Is Us (U.S.)
  • 1965 – Take Me for What I'm Worth
  • 1972 – Needles and Pins (nyinnspelingar i stereo)
  • 1979 – The Searchers
  • 1981 – Love's Melodies
  • 1987 – Play the System
  • 1989 – Hungry Hearts
  • 2002 – Back Door Sessions

Besetning[endre | endre wikiteksten]

1957–1959

  • Ron Woodbridge: vokal
  • John McNally: rytmegitar
  • Brian Dolan: sologitar
  • Tony West: bass
  • Joe Kennedy: trommer

1960–februar 1962

  • Johnny Sandon: solovokal
  • John McNally: rytmegitar, vokal
  • Mike Pender: sologitar, vokal
  • Tony Jackson: bass, vokal
  • Chris Curtis: trommer, vokal

Februar 1962–juli 1964

  • Tony Jackson: solovokal, bass
  • John McNally: rytmegitar, vokal
  • Mike Pender: sologitar, solovokal
  • Chris Curtis: trommer, solovokal

August 1964–april 1966

  • Frank Allen: bass, solovokal
  • John McNally: solo- & rytmegitar, vokal
  • Mike Pender: solovokal, solo- & rytmegitar
  • Chris Curtis: trommer, solovokal

Mai 1966–desember 1969

  • Frank Allen: solovokal, bass
  • John McNally: solo- & rytmegitar, vokal
  • Mike Pender: solovokal, solo- & rytmegitar
  • John Blunt: trommer

Januar 1970–desember 1985

  • Frank Allen: bass, solovokal
  • John McNally: solo- & rytmegitar, vokal
  • Mike Pender: solo- & rytmegitar, solovokal
  • Billy Adamson: trommer

Januar 1986–november 1998

  • Spencer James: rytmegitar, gitarsynthesizer, solovokal
  • John McNally: sologitar, vokal
  • Frank Allen: bass, vokal
  • Billy Adamson: trommer

November 1998–februar 2010

  • Spencer James: rytmegitar, gitarsynthesizer, solovokal
  • John McNally: sologitar, vokal
  • Frank Allen: bass, vokal
  • Eddie Roth: trommer, vokal

Sidan februar 2010

  • Spencer James: rytmegitar, gitarsynthesizer, solovokal
  • John McNally: sologitar, vokal
  • Frank Allen: bass, vokal
  • Scott Ottaway: trommer, vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «The Searchers Biography». Allmusic. Henta 18. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]