John Mikaelsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Mikaelsson
John Mikaelsson.jpg
Fødd 6. desember 1913
Kristinehamn
Død

16. juni 1987
Placer County

Yrke friidrettsutøvar
John Mikaelsson på Commons

John Fredrik Mikaelsson (6. desember 191316. juni 1987) var ein svensk friidrettsutøvar frå Kristinehamn som i 1948 og 1952 vart olympisk meister i 10 km kappgang. Han døydde i Placer County i delstaten California i USA.

Mikaelsson vart i 1946 europameister på 10 km på Bislett stadion i Oslo. To år etter vann han gullmedaljen på 10 km under dei olympiske sommarleikane i London, der landsmannen John Ljunggren gjekk til topps på 50-kilometeren. I 1950 kom Mikaelsson i mål til bronsemedalje på 10 km, frågått av sveitsaren Fritz Schwab og Emile Maggi frå Frankrike. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki forbetra Bruno Junk frå Sovjetunionen den olympiske rekorden på 10 km, og stod dermed fram som favoritt før finalen. I finalen tok derimot Mikaelsson tilbake den olympiske rekorden då han vann med tida 45.02,8, framfor Schwab og Junk.

Mikaelsson sette frå 1936 til 1945 seksten verdsrekordar i kappgang på bane, alle på kortare strekningar opp til 10 km. Han vann i alt 13 svenske meisterskapstitlar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1946 i Oslo: Gullmedalje – 46.05,2, framom Fritz Schwab (47.03,6)
  • OL 1948 i London: Gullmedalje – 45.13,2, framom Ingemar Johansson (45.43,8)
  • EM 1950 i Brussel: Bronsemedalje – 46.48,2
  • OL 1952 i Helsinki: Gullmedalje – 45.02,8, framom Fritz Schwab (45.41,0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]