Fritz Schwab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fritz Schwab
Statsborgarskap Sveits
Fødd 31. desember 1919
Berlin
Død

24. november 2006

Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Erich Arthur Fritz Schwab (31. desember 191924. november 2006) var ein sveitsisk friidrettsutøver som i 1950 vart europameister i 10 kilometer kappgang. Elles vann han sølv i same øvinga under EM 1946 og Sommar-OL 1952, samt OL-bronse i 1948. Far hans, Arthur Schwab, tok sølvmedaljen i 50 km kappgang under Sommar-OL 1936 i Berlin, byen der Fritz Schwab vart fødd.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fritz Schwab vart andremann på 10 km då europameisterskapen 1946 fann stad på Bislett Stadion i Oslo, langt bak vinnaren frå Sverige, John Mikaelsson. To år etter fekk Schwab den olympiske bronsemedaljen i same øvinga under Sommar-OL 1948 i London, svenskane John Mikaelsson og Ingemar Johansson kom i mål framom han. Ved EM i friidrett 1950 i Brussel gjekk Schwab inn til gullmedalje på 10-kilometeren, 15 sekundar føre Emile Maggi frå Frankrike og med Mikaelsson på tredjeplass. I sitt siste Sommar-OL i Helsinki sommaren 1952 kneip Schwab sølvmedaljen på 10 km, han og bronsevinnar Bruno Junk frå Sovjetunionen fekk same tid, atter ein gong gjekk gullmedaljen til John Mikaelsson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]