Jolanda Čeplak
| Jolanda Čeplak | |
| Statsborgarskap | Slovenia |
| Fødd | 12. september 1976 (49 år) Celje |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
| Utmerkingar | Bloudek-prisen, Årets idrettsutøver i Slovenia |
Jolanda Čeplak, opphavleg Jolanda Steblovnik, (fødd 12. september 1976) er ein slovensk tidlegare mellomdistanseløpar frå Celje. Ho vart europameister på 800 m i 2002, og tok OL-bronse på same distansen i 2004.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I unge år deltok Čeplak i løp på fleire distansar, fyrst då ho var tidleg i 20-åra bestemte ho seg for å satse mest på 800 meter. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2002 med siger og innandørs verdsrekord på 1.55,82 under innandørs-VM i Wien. Under europameisterskapen i München same året vann ho gullmedaljen på 800 m på suverent vis.
Ved dei olympiske leikane i Aten i 2004 avslutta ho sterkt på 800-meteren og var i mål så å seie jamsides gullvinnar Kelly Holmes og sølvvinnar Hasna Benhassi. Det måtte sågar målfoto til for å skille Benhassi og Čeplak. Største favoritten, Maria Mutola, måtte ta til takke med fjerdeplassen.
Ceplak tok bronsen i innandørs-EM 2007. I juni same året testa ho positivt på erythropoetin (EPO) i ein umeld dopingkontroll i bustaden hennar i Monaco. Det slovenske friidrettsforbundet stengde henne ute frå friidrettstevlingar i to år, noko som vart eit endeleg farvel med friidretten.
Čeplak sin slovenske rekord på 800 meter frå 2002 lyder på 1.55,19 og gjeld framleis i 2015. Hennar personlege rekord på 1500 m frå 2003 er på 4.02,4.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jolanda Čeplak» frå Wikipedia på tysk, den 11. september 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- World Athletics
- «Jolanda Čeplak» (på engelsk). olympedia.org. Henta 2023-02-15.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1976
- Slovenske friidrettsutøvarar
- Mellomdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Slovenia
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004