Hasna Benhassi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hasna Benhassi


Statsborgarskap Marokko
Fødd 1. juni 1978 (45 år)
Marrakech
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Hasna Benhassi (fødd 1. juni 1978) er ein marokkansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Marrakech som på 800 meter vann OL-sølv i 2003, VM-sølv i 2005 og 2007, og OL-bronse i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Benhassi tok seg til finalen på 800 meter under Sommar-OL 2000, der ho enda sist med tida 1.59,27. Nokre månader etter vann ho 1500-meteren i innandørs-VM 2001 i Lisboa. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten kneip ho sølvmedaljen på 800 meter, 0,05 sekund bakom Kelly Holmes frå Storbritannia og med nøyaktig same tid som Jolanda Čeplak frå Slovenia på bronseplass. Sluttida 1.56,43 vart verande Benhassi sin personlege rekord på distansen. Ho kvalifiserte seg også til finalen på 1500 meter, hamna då på 12. og sisteplass.

Ved verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki vann Benhassi ein ny sølvmedalje på 800 meter, den gongen klart slått av Zulia Calatayud frå Cuba. Også i den neste verdsmeisterskapen, i Osaka i 2007, sikra Benhassi seg sølvmedaljen, knappe sekundet bakom Janeth Jepkosgei frå Kenya. Benhassi tok så bronsen på spesialdistansen under Sommar-OL 2008, trass gode 1.56,99 sjanselaus mot kenyanarane Pamela Jelimo og Janeth Jepkosgei.

Benhassi sitt personbeste 4.02,5 på 1500 meter oppnådde ho i Roma i 2003.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane på 800 m (2.03,70=nr 14)
  • OL 2000 i Sydney: Nr 8 på 800 m – 1.59,27
  • OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,43, bakom Kelly Holmes (1.56,38). Nr 12 på 1500 m – 4.12,9
  • VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje på 800 m – 1.59,42, bakom Zulia Calatayud (1.58,82)
  • VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,99, bakom Janeth Jepkosgei (1.56,04)
  • OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje på 800 m – 1.56,73

Kjelder[endre | endre wikiteksten]