Jon Faddis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Faddis

Jon Faddis i 2007.
Fødd24. juli 1953 (70 år)
FødestadOakland i California
FødenamnJonathan Faddis
OpphavUSA
Aktiv1971 til i dag
SjangerBebop, jazz
InstrumentTrompet, flygelhorn
Kjende instrumentSchilke S-42L trompet
PlateselskapEntertainment One Music
Verka somTrompetist, dirigent, komponist, lærar

Jon Faddis (fødd 24. juli 1953) er ein amerikansk jazztrompetist, dirigent, komponist og lærar. Han vart først kjend for å kunne etterlikne trompetstilen til ikonet Dizzy Gillespie, so var mentoren hans i lag med Stan Kenton-trompetisten Bill Catalano.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

18 år gammal vart han med storbandet til Lionel Hampton før han vart med Thad Jones/Mel Lewis Orchestra som førstetrompetist. Etter å ha spelt med Charles Mingus tidleg i 20-åra, vart Faddis ein kjend studiomusikar i New York, og spelte på mange popplater i 1970- og 1980-åra. I midten av 1980-åra forlét han studioa og starta ein solokarriere, som førte til album som Legacy, Into The Faddisphere og Hornucopia. Han var leiar og førstetrompetist for Dizzy Gillespie 70-årsdagsstorband og Dizzy's United Nation Orchestra. Frå 1992 til 2002 leia Faddis Carnegie Hall Jazz Band (CHJB) ved Carnegie Hall, og dirigerte meir enn 40 konsertar på ti år.

Faddis leia òg Dizzy Gillespie Alumni All-Stars og the Dizzy Gillespie Alumni All-Stars Big Band frå starten i 2004, då han vart utpeikt som kunstnarisk leiar for Chicago Jazz Ensemble (CJE), frå 2004 til 2010.

I 1999 gav Faddis ut Remembrances som han fekk ein Grammy-nominasjon for. Det bestod nesten utelukkande av balladar og var eit samarbeid med den argentinske komponisten/arrangøren Carlos Franzetti.

Faddis var med i filmen Blues Brothers 2000 frå 1998. I filmen spelar han trompet med The Louisiana Gator Boys.

Han er onkel til Madlib og Oh No, to hip-hop-produsentar.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Gil Evans

Med Dizzy Gillespie

'As Music Director for The Dizzy Gillespie Alumni All-Stars

  • Dizzy’s 80th Birthday Party (1997)
  • Dizzy’s World (1999)
  • Things to Come» (Telarc, 2000)

Med Rusty Bryant

Med Jack McDuff

Med Oscar Peterson

Med Charles Mingus

Med Charles Tolliver

  • Impact (1972)

Med Anthony Braxton

Med Kenny Burrell

Med Charles Earland

Med Jerry Fielding

  • The Gauntlet (Warner Records, 1978)

Med Grant Green

Med Johnny Hammond

Med Paul Simon

Med Billy Joel

Med Michel Camilo

Med Don Sebesky

Med Lalo Schifrin

Med Leon Spencer

Med Jeremy Steig

Med Gábor Szabó

Med Steve Turre

Med Randy Weston

Med Tatsuro Yamashita

  • Circus Town (1976)
  • Pocket Music (1986)
  • Boku No Naka No Syounen (1988)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]