An Innocent Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
An Innocent Man
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 8. august 1983
Innspelt Chelsea Sound og A&R Recording, Inc. i New York City våren 1983
Sjanger Rock, poprock
Lengd 40:25
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
The Nylon Curtain
(1982)
An Innocent Man Greatest Hits, Vols. 1 & 2
(1985)
Singlar frå An Innocent Man
  1. «Tell Her About It»
    Utgjeve: Juli 1983
  2. «Uptown Girl»
    Utgjeve: September 1983
  3. «An Innocent Man»
    Utgjeve: Desember 1983
  4. «The Longest Time»
    Utgjeve: Mars 1984
  5. «Leave a Tender Moment Alone»
    Utgjeve: Juli 1984
  6. «Keeping the Faith»
    Utgjeve: September 1984
  7. «This Night»
    Utgjeve: November 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [2]

An Innocent Man er det niande studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 8. august 1983. Albumet er ei hyllest til den amerikanske popmusikken Joel lytta til i tenåra, seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, hovudsakleg doo-wop og soul.[3] Fotografiet på plateomslaget vart teken på trappa føre 142 Mercer Street, like nord for krysset mellom Mercer og Prince Street i SoHo i New York City.[4]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld tre singlar som nådde topp 10 på Billboard-lista: «Tell Her About It», som nådde toppen av lista, «Uptown Girl», som nådde tredjeplassen og «An Innocent Man», som nådde tiandeplassen. Fire andre singlar vart gjevne ut frå albumet: «The Longest Time» (14.), «Leave a Tender Moment Alone» (27.), «Keeping the Faith» (18.) og «This Night» (amerikansk B-side for «Leave a Tender Moment Alone»). «Tell Her About It» og «Uptown Girl» fekk internasjonal suksess — «Uptown Girl» nådde toppen av singellista i Storbritannia, Australia og New Zealand. An Innocent Man låg på den amerikanske albumlista i 111 veker, og vart det Joel-albumet som låg lengst inne på lista, etter The Stranger. I over eitt år låg albumet òg på listene i Storbritannia, Japan og Australia.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Som dei tre førre albuma hans, vart JOel nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Michael Jackson sitt Thriller. Joel var òg nominert for beste popsong med «Uptown Girl», men Jackson vann den kategorien òg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju om innspelinga av albumet snakka Joel om at han var nyskilt frå den første kona, Elizabeth Weber, då han spelte inn dette albumet, og singel for første gong sidan han var blitt rockestjerne. Han hadde derfor høve til å gå på date med supermodellar som Elle Macpherson og Christie Brinkley, og på grunn av dette følte han seg igjen som ein tenåring.[3] Han starta derfor å skrive desse songane i popstilen han hugsa frå tenåra sine.

Joel forklarte «Når du skal skrive [songar for eit nytt album], skriv du det du føler. Og eg kjempa ikkje i mot. Songane kom så raskt og lett, og eg hadde det så moro å skrive dei. Eg levde på ein måte opp att ungdomen min... eg trur eg hadde skrive alle songane for albumet i løpet av ein seks vekers periode.» Joel sa òg at han vart positivt overraska over at retrosongar som «The Longest Time» kunne bli ein hit i 1980-åra.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Billy Joel, utanom refrenget på «This Night», som er tilskriven L. v. Beethoven.

Innhaldet på vinylplata er litt forskjellig frå kassett- og den originale CD-utgåva, der «The Longest Time» og «Uptown Girl» har byta plass.

LP-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Easy Money» (Hyllest til James Brown og Wilson Pickett[3]) 4:04
2. «An Innocent Man» (Hyllest til Ben E. King og The Drifters) 5:17
3. «The Longest Time» (Hyllest til doo-wop) 3:42
4. «This Night» (Hyllest til Little Anthony and the Imperials) 4:17
5. «Tell Her About It» (Hyllest til jentegrupper frå Motown som The Supremes og Martha and the Vandellas) 3:52
Side to
# Tittel Lengd
1. «Uptown Girl» (Hyllest til Frankie Valli og The Four Seasons[5]) 3:17
2. «Careless Talk» (Hyllest til Sam Cooke) 3:48
3. «Christie Lee» (Hyllest til Little Richard) 3:31
4. «Leave a Tender Moment Alone» (Hyllest til Smokey Robinson) 3:56
5. «Keeping the Faith» (Hyllest til sein 50-tals og tidleg 60-tals R&B) 4:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Soloar

  • «Toots» Thielemans - munnspel på «Leave a Tender Moment Alone»
  • Mark Rivera - altsaksofon på «Keeping the Faith», «This Night» og «Christie Lee»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Phil Ramone
  • Lydteknikarar: Jim Boyer, Bradshaw Leigh
  • Assisterande lydteknikarar: Mike Allaire, Scott James
  • Produksjonskoordinator: Laura Loncteaux
  • Mastering: Ted Jensen
  • Horn- og strykearrangement: David Matthews
  • Korvokalarrangement: Tom Bahler
  • Musikalsk rådgjevar: Billy Zampino
  • Fotografi: Gilles Larrain
  • Plateomslag: Christopher Austopchuk, Mark Larson
  • Innspelt ved Chelsea Sound og A & R Recording, Inc., New York, NY
  • Miksa ved A & R Recording, Inc., New York, NY
  • Mastra ved Sterling Sound, New York, NY

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–85) Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[6] 3
Canadian RPM Albums Chart[7] 12
Nederland[8] 14
Frankrike [9] 11
Japan[10] 3
New Zealand [11] 1
Noreg[12] 9
Sverige[13] 39
UK Albums Chart [14] 2
USA Billboard 200[15] 4
Vest-Tyskland [16] 36

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. An Innocent ManAllmusic
  2. Parke Puterbaugh (18. august 1983), «Music Reviews : An Innocent Man by Billy Joel», Rolling Stone, arkivert frå originalen 2011-08-29 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Billy Joel Website Interview
  4. «Billy Joel - An Innocent Man - Album Cover Location», PopSpots 
  5. Billy Joel website interview
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. Library and Archives Canada. Henta 29. august 2014
  8. «dutchcharts.nl Billy Joel - An Innocent Man». dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 29. august 2011. 
  9. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Billy JOEL». infodisc.fr. Henta 29. august 2011. 
  10. a-ビリー・ジョエル «Yamachan Land (japansk Chart Archives) - Albums Chart Daijiten - Billy Joel» Check |url= value (hjelp) (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 29. august 2011. 
  11. «charts.org.nz - Billy Joel - An Innocent Man». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 29. august 2011. 
  12. «norwegiancharts.com Billy Joel - An Innocent Man». Henta 29. august 2011. 
  13. «swedishcharts.com Billy Joel - An Innocent Man». Sverigetopplistan. Henta 29. august 2011. 
  14. «Chart Stats - Billy Joel - An Innocent Man». UK Albums Chart. Henta 29. august 2011. 
  15. Allmusic - An Innocent Man > Charts & Awards > Billboard Albums
  16. «Album Search: Billy Joel» (på German). Media Control. Henta 28. august 2011.