Jori Mørkve
Jori Mørkve | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. desember 1980 (43 år) Voss herad |
Yrke | skiskyttar |
Høgd | 172 centimeter |
Jori Mørkve på Commons |
Jori Mørkve (fødd 29. desember 1980) er ein norsk idrettsutøvar som er medlem i Voss Skiskyttarlag og IL Eldar.
Mørkve er mest kjend som skiskyttar. I perioden 2001-16 deltok ho i nesten 50 renn i verdscupen i skiskyting, med ein 18. plass på sprinten i Khanty-Mansijsk i 2007 som beste individuelle plassering. Sine beste prestasjonar i verdscupen gjorde ho i stafettar, fyrste gongen med tredjeplassen saman med det norske laget som deltok i Hochfilzen i desember 2006.
Etter nokre gode stafettetappar fekk Mørkve plass på det norske laget i mixstafett under VM i skiskyting 2007 i Antholz. Saman med Tora Berger, Emil Hegle Svendsen og Frode Andresen gjekk ho det norske laget inn til bronsemedalje. I same meisterskapen fekk ho bronse også med det norske kvinnelaget i 4 × 6 km stafett; Tora Berger, Ann Kristin Flatland og Linda Grubben var lagkameratane hennar.
Mørkve har sikra seg to sølvmedaljar på 15 km i NM i skiskyting, fyrste gongen i 2010 og andre gongen i 2013. Ved begge høva møtte ho si overkvinne i Tora Berger. Mørkve har elles NM-bronsar frå 2005 og 2011.
Mørkve har også delteke i langrenn, då på nasjonalt nivå og helst i stafettevlingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jori Mørkve» frå Wikipedia på tysk, den 6. mai 2016.