Joseph Beuys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Beuys
Beuys-Feldman-Gallery.jpg
Fødd 12. mai 1921
Krefeld
Død

23. januar 1986
Düsseldorf

Yrke bilethoggar, koreograf, kunstmålar, universitetslærar

Joseph Heinrich Beuys (fødd 12. mai 1921 i Krefeld, daud 23. januar 1986 i Düsseldorf) var ein tysk konseptuell kunstnar. Han er kanskje best kjend for sin performancekunst, men han jobba òg med skulptur, happening, fluxus, videokunst og installasjonar. Han vert rekna som ein av dei viktigaste tyske kunstnarane i siste halvdel av 1900-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Den tilbakevendende nytta av filt og feitt som materialar i Beuys sine arbeid kan forståast på bakgrunn av påståtte opplevingar under andre verdskrigen. Han var pilot i det tyske Luftwaffe, og i 1944 vart han skoten ned over Krimhalvøya. Han vart lettare skadd, og fekk handsaming ved eit feltsjukehus. Seinare omskapte Beuys denne historia, og han fortalde ulike versjonar der han vart redda av nomadiske tatarar som heldt han varm ved å dekka han i feitt og pakka han inn i filt. Sjølv om historiene ikkje er heilt riktige og sannsynleg stammar frå hallusinasjonane hans i sjukesenga, så skulle dei visa seg å vera svært viktige for det kunstneriske virket hans. I dei siste dagane av krigen vart han teken som krigsfange av britiske troppar. Etter ein kort periode vart han repatriert og vende attende til foreldra sine.

I 1947 byrja han å studera ved Kunstakademiet i Düsseldorf. Gjennom mesteparten av 1950-talet konsentrerte han seg mest om teikning. I 1961 vart Beuys professor i skulptur ved kunstakademiet, men fekk sparken i 1972 etter at han insisterte på at førelesingane hans skulle vera opne for alle som ville ta del. Studentane hans protesterte på oppsigelsen, og han fekk halda på atelieret sit der.

I 1962 kom Beuys i kontakt med Fluxus-rørsla, noko som påverka han i retning av ein meir performance-orientert kunst. Ein av hans mest berømte perfomancer er I Like America and America Vert likt Me (1974), òg kjent som Coyote. Beuys lét seg pakka inn i filt og vart transportert på båra til flyplassen i Düsseldorf. Deretter vart han ført ombord i eit fly og frakta til René Block Gallery i New York, der han budde saman med ein coyote i fem dagar. Her presenterte han seg som sjaman som kommuniserte med dyr som indianerne hadde gjeve ein slag gudestatus.

Etter opplevingane sinde under andre verdskrigen vart han pasifist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]