Judith Butler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Judith Butler
Judith Butler al CCCB 2018.jpg
Fødd24. februar 1956
Cleveland
NasjonalitetUSA
Områdefeministisk teori, Skeiv teori, litteraturteori, kjønnsforskning
Yrkefilosof, skribent, universitetslærar, sosiolog, litteraturkritikar, feminist, journalist
InstitusjonarWesleyan University
University of California, Berkeley
European Graduate School
Alma materYale University
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Judith Butler ved Universitetet i Hamburg

Judith Butler (fødd 24. februar 1956) er ein amerikansk filosof og litteraturvitar. Ho er professor i retorikk og samanliknande litteratur ved University of California i Berkeley.

Butler er mest kjend for bøkene Gender Trouble: Feminism and the Subversion of Identity og Bodies That Matter: On The Discursive Limits of «Sex», som utfordrar førestillingar om kjønn og utviklar teorien hennar om kjønnsperformativitet. Denne teorien speler i dag ei stor rolle i kjønnsforsking.

Butler har òg markert seg i kampen for LHBT-menneske sine rettar, og deltatt i ei rekke aktuelle politiske diskusjonar. Mellom anna er ho ein krass kritikar av israelsk politikk.[1]

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Butler er fødd i Cleveland i Ohio, av foreldre med russisk og ungarsk jødisk opphav. Størstedelen av familien til mormora omkom i Holocaust. Interessa for filosofi kom med studier i jødisk etikk frå 14-årsalderen.

Butler studerte filosofi ved Yale University, og fullførte PhD-graden i 1984. I essayet Performative Acts and Gender Constitution frå 1988 begynte ho å utvikle kjønnsteorien som blei viktig i hovudverket Gender Trouble: Feminism and the Subversion of Identity frå 1990. Her argumenterer Butler mellom anna for at både det sosiale og det biologiske kjønnet er sosiale konstruksjonar. Me handlar ikkje på bestemte måtar fordi me føler oss som kvinner eller menn, men føler oss som kvinner eller menn fordi me handlar på bestemte måtar.[2] Gender Trouble og Bodies That Matter frå 1993 gjorde Butler til eksponent for skeiv teori. I The Psychic Life of Power: Theories in Subjection (1997) analyserer ho undertrykkingas mekanismar, mens ho i Excitable Speech: A Politics of the Performative (1997) mellom anna behandlar spørsmål rundt hatprat og sensur.

Butler bur i dag i Berkeley i California, saman med professor i statsvitskap Wendy Brown, og sonen deira Isaac.

Utvald verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • "Subjects of Desire: Hegelian Reflections in Twentieth-Century France", 1987
  • "Gender Trouble: Feminism and the Subversion of Identity", 1990
  • "Bodies That Matter: On the Discursive Limits of "Sex"", 1993
  • "Excitable Speech: A Politics of the Performative", 1997
  • "The Psychic Life of Power: Theories in Subjection", 1997
  • "Antigone's Claim: Kinship Between Life and Death", 2000
  • "Prejudicial Appearances: The Logic of American Antidiscrimination Law", 2002
  • "Precarious Life: The Powers of Mourning and Violence", 2004
  • "Undoing Gender", 2004
  • "Giving An Account of Oneself", 2005
  • "Is Critique Secular?: Blasphemy, Injury, and Free Speech", 2009
  • "Frames of War: When Is Life Grievable?", 2009
  • "The Power of Religion in the Public Sphere", 2011
  • "The Question of Gender : Joan W. Scott's critical feminism", 2011
  • "Parting Ways: Jewishness and the Critique of Zionism", 2012

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Butler, Judith (1. november 2013). «Adorno-Preisträgerin Butler: "Diese Antisemitismus-Vorwürfe sind verleumderisch und haltlos"». Die Zeit (på tysk) (Hamburg). ISSN 0044-2070. 
  2. «Judith Butler». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014.