Juristmållaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Juristmållaget er eit yrkesmållag i Noregs Mållag. Det vart skipa i 1934, låg nede ei tid, og vart oppattskipa i 1954. Den viktigaste faste aktiviteten til Juristmållaget er eit årleg skriveseminar for juristar og studentar. I tillegg har Juristmållaget jamlege uformelle treff i Oslo og i Bergen, og årsmøte med føredrag om kryssingspunktet mellom jus og språk. I 2013 hadde Juristmållaget 111 betalande medlemmer.

I august 2006 delte Juristmållaget for fyrste gong ut målpris. Dei som har fått prisen er høgsterettsdommar Karl Arne Utgård (2006), professor Nils Nygaard (2007), professor Kåre Lilleholt (2008), lagdommar Asbjørn Nes Hansen (2009), pensjonert byråsjef og direktør Bergfinn Aabø (2010), professor dr. juris Ola Mestad (2011), professor dr. juris Jørn Øyrehagen Sunde (2012), seniorrådgjevar Kari Bjørke (2013) og advokat Steinulf Tungesvik (2014).

I samband med at Juristmållaget vart 75 år i 2009 gav laget ut eit festskrift: Mål og rett – Juristmållaget 75 år.

Juristmållaget har ei eiga fjesbokside, ”Juristmållaget”, og denne vert oppdatert jamleg.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]